Close

Frå Palme og meg

Del innlegg

Fordommen har rot i kvardagslivet. Den gror på arbeidsplassen, i garderoben, i nabolaget. Den er eit utløp for eigne manglar og usikkerheit. Frykt for å miste posisjon, eit sosialt privilegium, ein førsterett. Hudfarge, kjønn, språk eller fødestad har ingenting med menneskelege kvalitetar å gjere. Å gradere menneske innanfor desse kategoriane står i direkte kontrast til prinsippet om menneskes likeverd. Men det er skammeleg enkelt å gjere, for den som føler seg underlegen; på jobben, i selskapslivet, i konkurransen om jenta eller guten.

Difor ligg fordommen alltid på lur. Sjølv i opplyste samfunn. Den kan komme til syne i ein lite gjennomtenkt replikk, ein nedrig kommentar. Og for dei som står rundt og ler, flirer eller trekker på smilebandet; dei vatnar fordommen og gjev den sollys. Kanskje meiner ikkje den som kjem med slengmerknaden å gjere skade. Kanskje er det eit forsøk på å vere morosam, å hevde sin sosiale posisjon og sjølvkjensle. Men for dei som føler seg treft, og for den haldninga fordommen gjev gjødsel til, er effekten eit utvilsamt faktum.

Kva tenker du når det skjer? Når fordommen kikar fram og gispar etter luft, rett ved deg? Smiler eller til og med flirer du? Den sosiale balansen er skjør og du vil kanskje ikkje la nokon stå der aleine utan anerkjenning for det ubehagelege forsøket på humor.

Eg tenkte lenge på kva eg skulle skrive om i mi siste skrivekløe. Eg bestemte meg eigentleg for å skrive om havet, ufarleg, upolitisk og folkeleg. Men mitt kvardagsliv er ikkje utelukkande ufarleg, upolitisk eller folkeleg. Det fekk eg ei rykande fersk påminning på. Eg høyrde på Olof Palme sin udødelege tale for inspirasjon.

Jenter vert opplærte til å vere medgjerlege og greie. Knise, smile og oppføre oss. Ikkje krangle eller vere vanskeleg. Eg synest alle som tenker det, kan ta seg ein lang tur på ei kort brygge. Eg klarar ikkje alltid gje beskjed, men eg angrar kvar gong. Nedrige merknadar på kjønn, hudfarge, språk eller fødestad skal ikkje gå umerka hen hjå meg.

Av Pernille Fjørtoft Grøsvik