Close

Med livet som innsats

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Litt frå Bergen, mest frå Grøsvik på Osterøy, men no i Førde. Om det var eit quiz-spørsmål, hadde eg vore svaret. Etter å ha prøvd ulike felt og fagområde, har eg no komme til Førde for å bli journalist. Hadde du fortalt meg det for eit år sidan, hadde eg nok flirt det vekk. Å planlegge så langt som eit år fram i tid er noko eg ikkje har for vane å gjere. Litt strevsamt til tider, men mest spennande.

Familie, vennar og kjærast som er etterlatne i Bergensområdet, kan vente seg saftige avslørande artiklar i det lange og dryge. Den berykta Førde-mafiaen eg har som plan å avsløre, skjelv truleg som ospelauv, vel vitande om mitt nærvær. Her i (kanskje ikkje Noregs, men i det minste) Sogn og Fjordanes navle; Førde, der Firda for eit par år sidan skreiv om ein ost i vegen.

Eg er midt i eit mekka av nervepirrande saker. Berre ta innkøyringa til Førde som døme: vegen slynger seg ned langs fjellsida lik innkøyringa til den colombianske storbyen Medellín eg besøkte i sommar. Førdianarane har dessutan eit berykta temperament, kanskje ikkje sydhavsk, men i alle tilfelle sunnfjordsk. Sjå opp for meg Førde, me skal nok komme godt overeins så lenge du diskar opp med litt liv og røre.

Av Pernille Fjørtoft Grøsvik