Close

Melder flau sommarvind

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

«ekstremt» handlar om noko som ligg mot yttergrensa av det normale eller moglege. Noko som er heilt uvanleg. Det seier i alle fall nynorskordboka. Meteorologisk institutt sender ut ekstremvarsel når det er forventa vêr som over eit større landområde kan gi store skadar og/eller sette liva våre i fare. Då vert beredskapsetatar og media varsla.

Denne veka sa klimaforskar Carlo Aal til NRK at framtidas vêr er her allereie. Det er jo typisk oss i vesten å ligge 80 år fram i tid. No vil vi oppleve meir ekstremvêr, forutan «ekstremt mykje dårleg vêr». Ja, dette er ekstremt trist lesnad. Men når slikt vêr truleg vert meir vanleg i tida framover, kan det då framleis bli kalla «ekstremt»?

Til liks med guten som ropte «ulv, ulv», er Meteorologisk institutt redde for at vi ikkje alltid vil stole på ei ekstremvêr-varsling når den først kjem, ifølge NRK. Dette fordi vi har blitt altfor vande til å høyre om ekstremvêr og det er heller ikkje kvar gang prognosane slår rett. Men plutseleg står vi der og ser postkassa med skjegget vårt i, saman med resten av huset, kome flytande nedover den flaumråka elva.

For å ikkje «lure» folk vil Meteorologisk institutt no byrje å nytte eit nytt fargesystem når dei skal varsle. Gult, oransje og raudt. Gult farenivå er det vanlegaste som vert varsla. I så fall kan vêret føre til straumbrot, lokale skadar og det kan kome vind som er farleg i fjella. Oransje vil seie at faren er stor for at både liv og heim kan gå tapt. Men meir ekstremt kan det bli! Om det vert varsla raudt kan det oppstå ein «ekstrem situasjon, med ekstrem fare». Dette skjer ekstremt sjeldan.

Dagens ekstremvêr er morgondagens flaue sommarvind. Berre vent til Knuse-Knud og Helene den ekstreme tek turen til Sunnfjord.

Av Hilde Greve Mo