Close

Daily Archives: 4. september 2018

Melder flau sommarvind

«ekstremt» handlar om noko som ligg mot yttergrensa av det normale eller moglege. Noko som er heilt uvanleg. Det seier i alle fall nynorskordboka. Meteorologisk institutt sender ut ekstremvarsel når det er forventa vêr som over eit større landområde kan gi store skadar og/eller sette liva våre i fare. Då […]

Read More

Fugl er fugl

Ein skarp og skremmande lyd kjem som ein knyttneve inn i øyra. Eg prøver å orientera meg, men det slørete synet fungerer verken som kart eller kompass. Samstundes brer det seg eit ubehag i kroppen. Nei, vent! Er eg blitt lam? Eit halvope auge skodar mot nattbordet. Lyden forsvinn ikkje. […]

Read More

Naudsynt innvandring

«Du er den einaste eg kjenner som har valt Førde framfor København», skreiv ein norsk kollega i avskjedskortet mitt. Det ho nok ikkje forstod, var at i Kongens by heldt eg på å mista min integritet som systrending. Å høyra seg sjølv ytra ord som «jeg» og «god weekend», å […]

Read More

Nordnorsk sjølvtillit

I heile sommar informerte folk meg: «Du veit at Førde var kåra til Norges styggaste by?». Som om utsjånaden gjer det veldig utfordrande å bu her. «Null problem, eg kjem frå Narvik, også omtalt som Norges styggaste by», svarte eg, sjølvgod som narvikingar er kjende for å vere. Sjølvgod var […]

Read More

Må eg bli vaksen?

Meg, 10 år: «Eg gler meg til eg blir vaksen, og kan bestemme sjølv!» Meg, 23 år: «kva f*** skal eg gjere?» Eg trua mamma fleire gonger med at eg skulle rømme heimanfrå. Eg kunne ikkje vente til eg var ferdig med skule, fekk mitt eige hus, og fekk bestemme […]

Read More

Lide for kunsten

Mental helse er i vinden no. Nesten annankvar dag kan ein lese på nett om kor mange prosent unge som har ein eller annan diagnose, og fleire går på medisinar. Heldigvis har vi eit bra helsevesen som kan hjelpe oss alle. Ikkje som det var før. Vår eigen Edvard Munch […]

Read More

Bygdaramp

Den store draumen då eg var lita var å flytte til storbyen. Reise vekk frå den vesle, tronge bygdi der ein so vidt kan gå på do utan at nokon får vite om det. Førde har jo bystatus, men det var ein plass eg assosierte med lange, kjedelege og ikkje […]

Read More

Paradoksale idiotar

Om ulven drep tre sauer, går debattsidene amok, men at folk bak rattet drep meir enn seks tusen dyr kvart år, er ikkje nok til «utrydd alle sjåførar!»-kampanjar. Turistar skal på død og liv besøkje breane før dei smeltar – og reiser derfor verda rundt med klimaverstingane fly og cruiseskip. […]

Read More

Om lange bein og dødsannonsar

Stolt fortalde eg til både foreldre og kjærast at første tekst skulle trykkast allereie laurdag. Dei hadde mildt sagt ulike forventningar. Medan mamma allereie dag to hadde tråla framsida på leit, foreslo kjærasten «skal du skrive dødsannonse?» Kanskje veit eg heller ikkje sjølv heilt kva eg har sagt ja til. […]

Read More

Bort frå vinkelhjernane i Oslo

Det er laurdag då vestavinden tek tak i bilen min på Filefjell. Etter sju år i Oslo er eg endeleg på veg til Vestlandet att. Idet eg kryssar fylkesgrensa slår regnet mot frontruta og eg skrur musikken høgare, trør gasspedalen djupare. Vatnet sprutar frå fjella og fjordane skvulpar mot land […]

Read More