Close

Paradoksale idiotar

Del innlegg

Om ulven drep tre sauer, går debattsidene amok, men at folk bak rattet drep meir enn seks tusen dyr kvart år, er ikkje nok til «utrydd alle sjåførar!»-kampanjar. Turistar skal på død og liv besøkje breane før dei smeltar – og reiser derfor verda rundt med klimaverstingane fly og cruiseskip.

Mikroplast er årets «snakkis», samtidig som fjordane i sumar har fløymt over av rosa plastflamingoar. Taco med tomat frå hagen trumfar at avokadoen i guacamolen er meir bereist enn folk flest.

Erik Solheim flyr nok til å åleine rasere kloden, men får likevel betalt for å bere tittelen «FNs klimasjef». Me bookar senger på «grøne» hotell, men krev nyvaska handkle og ferskt brød på buffeen kvar morgon.

Me gapar opprørt når me les overskriftene om at folk i snitt kastar kvar femte berepose med mat, men er kresne som få når det kjem til brune bananer. Flyindustrien står for 12,5 prosent av det totale klimautsleppet i Noreg, men KLM blir skrytt langt oppi skyene for å servere vegetarmat.

Og «miljøbensin» er berre til å gapskratte av.

som kajakkguide for ei gruppe cruiseturistar, løfta eg opp ein kråkebolle frå fjorden – eksotisk og norskt, hæ? Litt for seint oppdaga eg at dette var eit «veganercruise». Gjestane jamra seg over den nådelause brutaliteten eg utviste, og dyrevelferdsargumenta hamra så kajakken nesten tippa rundt. Hundre meter bakom oss låg skipet deira og pøsa ut litervis med kloakk, rett ned i stova til denne søte, uskyldige kråkebollen.

Folk er paradoksale, sjølvmotseiiande idiotar. Eg er ein av dei. Sjølv trur eg mine økologiske agurkar, bomullshandlenett og halvsinte skrivekløer skal redde kloden. Men sanninga er at det groteske, vestlege overforbrukssamfunnet vårt ikkje går rundt. Vegetartacoen strekk ikkje til. Sjølv ikkje utan avokado.

Kan paradoksale idiotar kurerast? Kanskje. Vaksina heiter kunnskap, kuren kallast vilje.

Av Ida Johanne Aadland