Close

Del innlegg

Den store draumen då eg var lita var å flytte til storbyen. Reise vekk frå den vesle, tronge bygdi der ein so vidt kan gå på do utan at nokon får vite om det. Førde har jo bystatus, men det var ein plass eg assosierte med lange, kjedelege og ikkje minst ufrivillige dagar med storhandling i lag med mamma.

Dit skulle eg IALLEFALL ikkje flytte. So eg hoppa på båten til Bergen. Båten slingra seg sakte ut fjorden, og breane forsvann mellom fjelli. Frigjerande. Høge fjell vart bytta ut med høge bygningar. Her skulle eg bu for alltid.

Det tok ikkje lang tid før eg lengta heim til bygdi. Og når utsikta til super opplæring som nynorsk journalist dukka opp, måtte eg bite i det sure eplet, – berre flytte til Førde. Som drøymande framtidig journalist og målungdom følte eg det var mi plikt.

So no sit eg her blandt raude murbygningar. Heldigvis berre ein kort busstur heim til Fjærland.

Av Janne Merete Bøyum