Close

Må eg bli vaksen?

Del innlegg

Meg, 10 år: «Eg gler meg til eg blir vaksen, og kan bestemme sjølv!»
Meg, 23 år: «kva f*** skal eg gjere?»

Eg trua mamma fleire gonger med at eg skulle rømme heimanfrå. Eg kunne ikkje vente til eg var ferdig med skule, fekk mitt eige hus, og fekk bestemme alt sjølv. Å bli vaksen gir deg kanskje ein slags fridom, men med fridom følger ein heil del obligatorisk ansvar. Eg tenkte først at det var litt ansvar her, og å fikse nokre problem der. Det viser seg at det er fleire problem, og mykje ansvar, kontinuerleg, resten av livet. Og det her blir ein berre kasta ut i.

Ja, det var nok lurt å lære om pytagoras, peristaltiske rørsler og vulkanar på skulen. Men kva med å lære korleis å ta opp lån, søke jobb, korleis strikkegenseren ikkje skal krympe til dokkestørrelse, eller korleis du som vaksen må oppføre deg?

Ein ting eg har lært om å vere vaksen er at du er trøytt heile tida. Du går med andre trøytte vaksne og snakkar om kor trøytte de er. Og er du trøytt og sur ein dag på jobb, så kan du ikkje hive deg ned på golvet, hylskrike og sprelle med bein og armar. Du må berre lære deg å takle det.

Det som gjerne er mål for dagen i vaksenlivet no, var ofte det som var straff som barn. For eksempel å legge seg tidleg eller ta ein kvil, ikkje gå på fest, eller sleppe å gå ut av huset. Born er for opptatt med å trasse foreldra til å sjå kor bra dei har det. Ferdig middag kvar dag, gratis husleige, ingen viktige ansvar, og dei slepp å vaske klede.

Born er òg nysgjerrige på verda. Vaksne fantaserer mindre. Kjem du som vaksen og seier at du har ein fantasiven, blir du innlagt. Kvifor må vi stresse med å bli vaksne? Mitt motto er: Ein er ikkje vaksen før ein torer å vere barnsleg. Så mitt råd til meg sjølv er å vere ung så lenge som mogleg.
eg trøystar meg med det at det er ingen andre som veit heilt kva dei gjer heller …

Av Janne Merete Bøyum