Close

Nordnorsk sjølvtillit

Del innlegg

I heile sommar informerte folk meg: «Du veit at Førde var kåra til Norges styggaste by?». Som om utsjånaden gjer det veldig utfordrande å bu her. «Null problem, eg kjem frå Narvik, også omtalt som Norges styggaste by», svarte eg, sjølvgod som narvikingar er kjende for å vere.

Sjølvgod var eg også då eg flytta til Svalbard. «Mørketida kjem til å gå som ein leik», proklamerte eg. Eg hadde jo trass alt budd i Nord-Norge heile livet. Å klage over mørketida var for puslete søringar.

Åtte år og eit studieopphald i Trondheim seinare, sit eg, bokmålsbrukar gjennom heile livet, midt i nynorskland og skal lære om journalistikk. På nynorsk. Førebels har korkje utsjånaden til byen eller målforma skremt meg. Hausten får vise om det er narvikingen som er sjølvgod igjen. Det er jo ikkje mørketid her eingong, så kva er det å klage på?

Av Vilde Øines Nybakken