Close

Skrekkblanda eventyr

Del innlegg

Hadde du spurt 18 år gamle Marte om kvar ho kom til å vere 9 år fram i tid, hadde nok Førde vore langt, langt nede på lista. Då eg var ferdig med vidaregåande, var det uaktuelt å bli verande i fylket. Eg var lei av stillheita, folka og det berykta bygdedyret. Eg skulle erobre verda, og sette meg på første fly til New York – byen som aldri søv. (Det gjorde for så vidt ikkje eg heller, då eg budde like ved ein brannstasjon).

«Vegen vert til medan ein går» har eg høyrt, og jammen er det i Førde eg no har enda opp. Eg har fått permisjon frå jobb, katten er levert heim til «fosterforeldra» mamma og pappa i Sogn, og leilegheita mi i Bergen er bytta ut med 12 kvm på Vie.

I Bergen har eg trivest godt. Kjekke folk, fine omgjevnader og berre ein liten svipptur på Sognebåten om heimlengselen skulle bli for stor. Likevel er det noko som har mangla, og eg har aldri greidd å legge frå meg tanken om å lære å skrive som ein ekte journalist. Når sjansen baud seg i Nynorsk avissenter, var eg derfor ikkje vond å be.

Med skrekkblanda fryd skal eg no få prøve meg på det eg alltid har villa lære. Å leite etter dei gode sakene, å heve nysgjerrigheita til eit nytt nivå. Eg har spissa både blyanten og øyra, og hoppar no rett ut i eit ukjent landskap. Så står det att å sjå om trivselsfylket lever opp til namnet sitt. Eg håpar audmjukt at eg kjem til å lande med begge beina godt planta på bakken, slik som ein ekte sogning sjølvsagt gjer.

Av Marte Husabø