Close

Med livet i veska

Del innlegg

Ei av mine gode venninner er mitt store forbilde når det gjeld morgonrutinar. Ho hoppar utkvilt ned i tøflane når den første alarmen ringer, tenner levande lys og kosar seg med nytrekt kaffi før resten av nabolaget har gnidd søvnen ut av augo. Dette gjer ho kvar einaste dag, før ho tuslar roleg mot arbeidsplassen, med radiofrukosten på øyra. For å seie det mildt er ho mi rake motsetning.

Kollegaene mine i Bergen etterlyste meg aldri før det hadde gått minimum ti minuttar. Dei visste at Marte, ho kjem inn døra om lag kl. 08.06 med sovesveis, ein halv banan i kjeften og sveittebart som pipla fram då eg pila så fort eg berre kunne gjennom Nygårdsparken. Ti minuttar seinare enn eg i utgangspunktet hadde planlagt.

Januar kvart år vert starta med blanke ark og ein nøye utarbeidd plan for å få betre tid på morgonkvisten. Eg har vel i snitt greidd å halde meg til planen i rundt tre veker, før det meste er gløymt.
Noko av grunnen til at eg har problem med å komme meg ut døra i tide, er truleg at eg har blitt bortskjemt etter fleire år i ein stor by. Med arbeidsplassen 15 små minuttar vekke frå heimen, og bussar som går «heile tida», har eg vel tenkt at eg treng mindre tid på å komme meg av garde, enn det eg i realiteten faktisk har hatt bruk for.

Det tok meg ikkje lang tid før eg skjønte at det ikkje var mogleg å halde fast ved mine gamle synder i Førde. Det tek 57 minuttar å gå til jobb, og bussen går ein gong i timen. Med andre ord har eg ikkje mykje val – bussen som går kl. 07.28 må eg nå. Som tidlegare år, starta eg januar med friskt mot og god tid. Men no, tre veker seinare, er eg visst tilbake til utgangspunktet.

Så langt kan eg vel seie at livet i Førde ikkje har endra morgonrutinane mine noko særleg. Men eg kjem i alle fall fram til jobb i god tid – framleis med bananen i kjeften. Men nytt av året – også med hårbørsten, ansiktskremen og maskaraen lett tilgjengeleg i veska. Sjølvsagt pakka kvelden i førevegen, fordi eg veit at tida går altfor fort før kl. 08.00.