Close

admin

Å fly høgt utan grunn

Nynorsk er eit rikare språk. Eit betre språk. Eit godt kvardagsspråk. Eit godt akademisk språk. Eit godt journalistspråk. Dette er i alle fall argument eg har lirt av meg gjennom studietida i Bergen og Oslo. Eg høyrer folk seie at det er vanskeleg å vere nynorskbrukar i storbyane. Eg kan […]

Read More

Her kunne ein jo budd

Som sogndøl veks du opp med ein sunn skepsis til Førde. Behovet for staselege ting, som bystatus, fleire kjøpesenter og skywalk er ikkje enkelt å forstå. Ikkje for folk som skyr bystatus som pesten. Det var dermed med eit snev av frykt eg flytta til Førde. Ikkje lett å vite […]

Read More

Kvinner i kamp

Eg skal feire kvinnedagen kommande fredag. Eg ventar spørsmål som «Kvifor treng vi framleis kvinnedagen» og «Når er mannedagen». Svaret på sistnemnde er 19. november. Dei som lurer kan heller spørje seg kvifor dei ikkje visste det, sidan det var noko som opptok dei. Så til første spørsmål; Kvifor treng […]

Read More

Verda i lomma

I slutten av januar skreiv NRK om Mats, og foreldra som ikkje forstod kva gaminga betydde for han. Ikkje før han døydde og vener frå heile verda kom i gravferda. Saka er den best lesne nettsaka til NRK nokosinne, og skal omsetjast til engelsk for BBC. Det er ein grunn […]

Read More

Sogning i storbyen

Trass i at eg er oppvaksen på ein liten gard på Kaupanger i Sogndal, har eg alltid vore meir byjente. Difor søkte eg etter vidaregåande skrive- og lesegleda i fleire forskjellige byar, frå Kristiansand i sør, til York i England, før eg lengta heim til Vestlandet og budde i Bergen […]

Read More

Vegen heim til nynorsken

Idet eg køyrer gjennom gatene i Oslo for siste gong på minst fire månader, skin dei varme fargane frå vintersola i Barcode-bygningane, Operahuset og fjorden. Eg fortset turen mot nordvest, mot andre fjordar, men først skal eg måle krefter med Hemsedalsfjellet. Sjølv om det er meldt kolonnekøyring, er vegen open […]

Read More

Frykta for automaten

Om nokre knappe månader kan eg og førarkortet mitt feire ti år saman. I ti år har det vesle rosa kortet hatt ein fast plass i lommeboka mi. Omgitt av bankkort, kvitteringar og lommerusk har det nok hatt det fint. Etter at eg forlét barndomsheimen i 2011, har det blitt […]

Read More

Jakta på ao-en

For åtte år sidan pakka eg jenterommet ned i to koffertar og flytta til Bergen. Norge sin andre største by skulle invaderast av nok ein enkel og stillfarande sogning – isolert mellom høge fjell og lange fjordar. I løpet av mine 19 fyrste år på planeten hadde eg aldri opplevd […]

Read More