Close

Kvinner i kamp

Del innlegg

Eg skal feire kvinnedagen kommande fredag. Eg ventar spørsmål som «Kvifor treng vi framleis kvinnedagen» og «Når er mannedagen». Svaret på sistnemnde er 19. november. Dei som lurer kan heller spørje seg kvifor dei ikkje visste det, sidan det var noko som opptok dei. Så til første spørsmål; Kvifor treng vi kvinnedagen i 2019?

Kommande veke, på nettopp kvinnedagen, har Captain Marvel premiere på kino. Dette er den første filmen i Marvel-universet med ei kvinne i hovudrolla. Det skjer elleve år etter at den første Iron Man-filmen kom. I mellomtida har det kome 14 andre filmar med menn i tittelrolla.

Men Brie Larson, som spelar Captain Marvel, har ikkje vorte motteken på same måte som forgjengarane. Ingen av dei vart kritiserte for at dei ikkje smilte nok i traileren. Kvinner rundt om i verda høyrer akkurat det same dagleg.

Det dreier seg om å vise at ein er medviten eigne handlingar og å vise vilje til å forbetre seg.

I Debatten på NRK var Trond Giske og #metoo tema. Der stilte menn og kalla den omdiskuterte dansevideoen for ein bagatell. Dei lytta ikkje når den einaste kvinna i rommet sa at i isolasjon er videoen kanskje ein bagatell, men at den eksisterer i ein kontekst. «Kor lenge skal Giske sone?» spurde Pål T. Jørgensen, utan å forstå at dette ikkje dreier seg om soning. Det dreier seg om å vise at ein er medviten eigne handlingar og å vise vilje til å forbetre seg.

VG si vinkling av saka er kritikkverdig. Men det er òg Giske, som smiler inn i kamera med handa på hofta til ei jente i 20-åra. Eitt år etter at han måtte gå av som nestleiar i Ap fordi han hadde oppført seg upassande mot unge kvinner. Å miste ein maktposisjon fordi han utnyttar den på den måten er ikkje soning. Det er heller ikkje kampen han seinare har ført for å komme tilbake i politikken. Ein kamp han nesten vann.

Dette er to vidt forskjellige problem kvinner møter i dag. Det er mange fleire. Så lenge dei finst, og så lenge dei må forklarast, skal eg feire kvinnedagen.

Av Synne Grimen Hammervoll