Close

Å fly høgt utan grunn

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Nynorsk er eit rikare språk. Eit betre språk. Eit godt kvardagsspråk. Eit godt akademisk språk. Eit godt journalistspråk. Dette er i alle fall argument eg har lirt av meg gjennom studietida i Bergen og Oslo.

Eg høyrer folk seie at det er vanskeleg å vere nynorskbrukar i storbyane. Eg kan fortelje deg at det er ein fryd. Som nynorskskrivande blir du raskt utnemnd til ein ekspert på språk. Nynorsken byr på eit hav av mogelegheiter. På tur i bokmål-land, kan den nynorskskrivande studenten verkeleg auke sjølvtilliten sin.

Hankjønn og hokjønn, ubestemt fleirtal. Ingen i Oslo veit om det endar på r. Med andre ord: Ingen til å arrestere deg om du gjer feil. Her kan ein gå med heva brystkasse, som einaste nynorskbrukar på studiet. Alle trur du er ekspert. Utan at du nokon gong ha studert språk.

Mange medstudentar sukkar kanskje over at du har skrive din del av samarbeidsoppgåva på nynorsk. Men ingen kan ta deg på språket. Det er sikkert og visst. For fleirtalet av bokmålsbrukarar trur at alle nynorskbrukarar i praksis er språkvitarar. Nynorsk-skrivaren kan dermed fortsette å fly høgt i bokmål-land, sikker på at språket er plettfritt.

Fallet blir derfor stort når ein omsider vender tilbake til heimlandet, Sogn og Fjordane. Plutseleg er du ingen språkvitar lenger. Ikkje kan du di eiga dialekt godt nok og ikkje kan du skrive rett. Du rotar med brenn eller brenner, nokon eller nokre, merka eller merkt. Feila er mange, og dei blir stadig påpeika.

Nei, eg skal seie deg det. Å vere nynorskbrukar i bokmål-land er ein fryd. Det er ingen som stiller spørsmål ved om du har lese mykje på flyet eller lest mykje på flyet der.

Av Anne Sigrid Timberlid Hundere