Close

Vegen heim til nynorsken

Del innlegg

Idet eg køyrer gjennom gatene i Oslo for siste gong på minst fire månader, skin dei varme fargane frå vintersola i Barcode-bygningane, Operahuset og fjorden. Eg fortset turen mot nordvest, mot andre fjordar, men først skal eg måle krefter med Hemsedalsfjellet. Sjølv om det er meldt kolonnekøyring, er vegen open då eg passerer siste bom. På spegelblank is og med snøfokk som øydelegg sikten, blir eg berga av ein provisorisk kolonne; ein Lerum-lastebil køyrer med erfaring, jamt og sikkert, lyser opp vegen og fjellsidene, bremsar i vante svingar, gir på når det er trygt. Til slutt kjem me ned frå fjellet, eg tar forbi lastebilen og tutar i hornet som takk.

Over fjellet var eg ute på tynn og glatt is, men er nå trygt framme i Sogn og Fjordane – ikkje lenge att til Førde og første dag hos Nynorsk avissenter. Ikkje lenge til eg kan kalle meg ekte vestlending igjen. Og kanskje, etter desse fire månadene, kan eg òg kalle meg journalist – nynorskjournalist. Men først skal eg finne min eigen nynorsk. Og så er det journalistikken, altså faget, det skal lærast og levast.

Eg køyrer gjennom Sogndal, inn på snødekte vegar igjen, gjennom Sogndalsdalen, klarer meg utan min eigen kolonne. Førde ligg i mørket då eg køyrer gjennom bomringen, forbi fleire store bilbutikkar og opp til Haavetun som er min nye heim. I morgon startar praktikantjobben i Firda. Det er nok ikkje siste gong eg er ute på litt glatt is denne vinteren.