Close

Frykta for automaten

Del innlegg

Om nokre knappe månader kan eg og førarkortet mitt feire ti år saman. I ti år har det vesle rosa kortet hatt ein fast plass i lommeboka mi. Omgitt av bankkort, kvitteringar og lommerusk har det nok hatt det fint. Etter at eg forlét barndomsheimen i 2011, har det blitt brukt utelukkande til éin ting. Legitimasjon på byen.

Eg hugsar godt dagen eg hadde oppkøyring. Det var tidleg på morgonen ein mørk novemberdag, og den første snøen hadde lagt seg på vegane. Eg tenkte: «Yes! Då slepp eg å køyre så fort som eg eigentleg må». Hadde det ikkje vore for mamma og pappa, som nærast tvinga meg ut i bilen, hadde eg garantert ikkje køyrt bil i dag. Eg syntest det var skummelt å skulle ferdast på vegane. Eg var rett og slett livredd for å drepe både meg sjølv og andre.

Med dette som bakteppe seier det seg kanskje sjølv at eg berre forbatt lærekøyringa med éin ting. Stress. Midt i ein ubehageleg situasjon hjelpte det heller ikkje at kjemien med køyrelæraren var totalt fråværande. Då oppkøyringa var gjennomført, var eg lykkeleg over å få sleppe å sette meg inn att i bilen med to sett gass og brems.

Litt etter litt auka sjølvtilliten min i trafikken. Jo fleire mil eg la bak meg, jo betre vart køyringa. Det var til og med kjekt! Så skjedde livet. Eg flytta til ein by, utan bil. Åtte år seinare kunne eg telje talet køyreturar på to hender. Nok ein gong var det skummelt å skulle ferdast på vegane.

At eg måtte køyre bil i Førde, var det eg grua meg aller mest til då eg flytta hit. Å i tillegg køyre bil med automatgir, gjorde det heile ekstra skummelt. Som ein ekte krisemaksimerar har eg sett for meg mang ein situasjon som kunne oppstå i vegkryss og langs smale vegar. Så langt har det gått heilt fint.

Eg harforstått at mengdetrening er det som gjeld. Sjølvtilliten på vegen vert betre for kvar dag som går. No køyrer eg til og med rundt i eigen bil – det hadde eg ikkje trudd for nokre månader sidan. Det er berre til å, bokstavleg talt, gasse på. Men ein ting er framleis sikkert. Kjem eg ut for kolonnekøyring – då snur eg.

Av Marte Husabø