Close

Praktikant

Blåst meg vekk?

Eg er født og blåst opp på Stadlandet der vinden alltid har siste ord. Her vaks eg opp og – som alle andre der ute – lærte eg tidleg å halde godt fast i hatten! Etter å ha levd ein barndom i motvind, flytta eg til Førde. Ja, det stemmer. […]

Read More

Innestengt utsyn

Førde møtte meg i mørket med ein allé av bilforhandlarar. Den store, kvite Tesla-t-en lyste opp, eit omen for dei neste fire månadane i Førde, kanskje? Korleis ein skal tolke dette symbolet, er ikkje lett å forstå, særleg etter fem timar i bil; over Hemsedalsfjella, gjennom svimlande tunnelar og krappe […]

Read More

Bokmålsbrukar til Sunnfjord

Journalistikk, nynorsk, opplæring med løn. Ja takk, kvifor ikkje? Eg har alltid vore grøn. I alle fall på jobben i Kiwi i Bergen. Før eg erstatta uniforma med smarttelefon og notatblokk. Studiet og alle tekstane eg skreiv, gav sjølvtillit. «Ung» og uerfaren på vaksenlivet gjekk eg i kast med å […]

Read More

Tilbake til framtida

Å flytte heim til den trege bygdebyen etter mange år i storbyen og det digre utlandet er som å lande i ein mjuk, varm – ja – livmorliknande sofa i ein lun lobby full av folk ein liker. Den eine etter den andre lyser opp idet dei kjenner deg igjen, […]

Read More

Fortauskanten i Førde

Eg var i Stellenbosch, langt sør i i Afrika, då eg fekk høyre at eg hadde fått praktikantplass hos Nynorsk avissenter. Eg vart svært letta. Likevel kjende eg på ein litt bitter bismak for å forlate det gode livet i Sør-Afrika og reise til vesle Førde. Men så må me […]

Read More