Close

Eg har krasja i lyskrysset vi ikkje skulle snakke om

Del innlegg

«Førde er berre eit forbanna lyskryss med eit stygt kjøpesenter rundt!»

Dette er ein kjend frase faren min brukte fast opp gjennom åra. For ei lita jente frå «Fagre Stryn» vart draumane knust kvar gong vi skulle køyre gjennom Førde og berre hadde tid til «eit lite stopp». Vesle Mina ville innom Glitter og H&M. For far min, som er florøværing, var målet naturlegvis å bruke minst mogleg tid i Førde. Vi skulle ut til verdas perle, Florø. Det er trass alt betre med vind og lukt frå Ewos enn uendelege shoppingmoglegheiter i Førde.

Eg er ikkje så kjend for å ta dei beste avgjerdene. Etter fullført skulegang i Stryn hadde eg mista den vesle og svake gnisten eg hadde igjen i kroppen, og bestemte meg for at eg måtte kome meg ut på eventyr. Russedressen, med ein pakke gløymt ferskgjær i lomma, var eg ferdig med. Eg kunne like gjerne flytte så langt nord vi kjem i Norge, til den iskalde og aude øya Svalbard. På frosen tundra fekk eg oppleve frostskadar og isbjørnar med eit kamera i handa. Yay.

Etter to år på Svalbard hadde eg absolutt ingen plan på kva eg skulle gjere vidare. Då tok eg ei endå verre avgjerd enn den første, å svike forfedrane mine ved å flytte til byen som er synonym med Voldemort; han skulle ikkje snakkast om.

Inst inne ville eg ikkje starte på studiekøyret heilt enno, men eg følte at eg måtte finne på eit eller anna. Folk eg kjenner tipsa meg om praktikanttilbodet her i Førde, og tenkte at dette kunne vere noko for meg. Eg sende inn ein søknad like før fristen, sjølvsagt utan å spørje pappa om velsigning. Ein av plassane vart min og eg starta den mentale prosessen ved å fjerne alle fordommane eg hadde mot «lyskrysset Førde».

Med 50 prosent Florø-DNA i kroppen har eg no flytta til byen eg aldri skulle flytte til. Om eg trivst her skal tida få vise, men eg er ganske sikker på at dette er ei dårleg avgjerd eg ikkje kjem til å angre på.