Eg lærte for lenge sidan at eg aldri skulle seie aldri. Men jammen har eg gått i den fella.
I 1995 flytta familien min til Førde. Eg var to år gamal, og eg har heile livet sett på meg sjølv som førdianar. Smerta i hjartet var ektefølt kvar gong nokon snakka stygt om Førde. Folk kan seie det dei vil om Førde, men eg står på mitt; det er ein super stad å vekse opp.
Trass i dette var tanken at eg aldri skulle flytte tilbake.
Det var i 2012 at eg flytta austover, og knappe to år seinare hadde heile familien min forlate den vesle byen på Vestlandet for eit betre klima austpå. Det var som spikaren i kista. Kva hadde eg å gjere i Førde no?
Livet gjekk vidare, og eg flytta til London. No veit eg ikkje kor vidfaren du er, men London er hakket større enn Førde, og det passa meg midt i blinken. Nesten sju år i London gjorde meg endå meir sikker på at Førde ikkje var staden for meg.
Det var ikkje at Førde var for lite. Med familie frå Fjærland, bygda med 280 innbyggjarar, finn eg meg alltid til rette. Kanskje må eg ha alt eller ingenting. Enten ein storby med fleire millionar innbyggjarar, eller Fjærland med knappe 300. Kravstor, det er eg.
Men så dukka ein gyllen sjanse opp til å vidareutvikle lidenskapen min, ikkje minst til å få bu i same gata som eg vaks opp i. Dette kunne eg ikkje takke nei til. Då var det berre å bite i meg orda. Eg skulle vel høyrt etter då Justin Bieber song sine visdomsord i 2011.
Never say never.