Journalistikk, nynorsk, opplæring med løn. Ja takk, kvifor ikkje?
Eg har alltid vore grøn. I alle fall på jobben i Kiwi i Bergen. Før eg erstatta uniforma med smarttelefon og notatblokk. Studiet og alle tekstane eg skreiv, gav sjølvtillit. «Ung» og uerfaren på vaksenlivet gjekk eg i kast med å skrive søknader. Eg såg framover mot kva jobbmoglegheiter vaksenlivet skulle by meg.
Ung på vaksenlivet visste eg lite om at eg kom til å bli norgesmeister i stong ut. I jobbsøknader. Medan pandemien heldt på, og ord som heimekontor og avstand florerte i media, sat eg heime og ikkje forstod korleis eg kunne ha slik uflaks. Då eg fekk eit siste avslag med grunngivinga «du treng meir redaksjonell erfaring», vart det dropen: Eg gjer på noko anna.
Sjefar vil ha kandidatar med erfaring. Men for å få erfaring må ein ha jobb. Eg var komen i ein jobb-livsknute på tampen av 20-åra.
Historia trur dokker sluttar med at eg la journalistikken på hylla. Vel, lagnaden er ironisk. For av og til endrar ting seg som du sjølv ikkje heilt hadde føresett.
Ein Finn-annonse hausten 2023 endra livet mitt.
Nokon veker seinare var eg på jakt etter bustad i Sogn og Fjordanes hovudstad. Byen med 10 500 innbyggjarar, og som vart designa for å vere «vegkrysset med handelsmoglegheiter» midt på E39, Førde. Dette blir heimen min det neste halvåret.
Ingen veit kva som ventar i livet. Det einaste eg veit, er at eg forlét familie, venar og kjæraste i heimkommunen.
Å, forresten. Ein ting til eg la igjen i heimkommunen. Bokmålet ligg att i byen mellom dei sju fjell, og no er det berre nynorsken som gjeld.