Close

Fortauskanten i Førde

Del innlegg

Eg var i Stellenbosch, langt sør i i Afrika, då eg fekk høyre at eg hadde fått praktikantplass hos Nynorsk avissenter. Eg vart svært letta. Likevel kjende eg på ein litt bitter bismak for å forlate det gode livet i Sør-Afrika og reise til vesle Førde. Men så må me vel alle bli vaksne ein dag.

Vel heime i det norske sommarvêret tok eg vegen fatt. Eg køyrde frå heimbygda mi Sunde i Kvinnherad, og kom meg heile vegen opp nord til bestefar i Lakselv. På heimvegen køyrde eg norskekysten, kanskje litt for å minne meg sjølv på at vakre Norge ikkje er så gale.

Eg såg skiltet der det stod Førde, og bestemte meg for å sjekke ut det nesten ferdige Nynorskhuset – det som skulle bli min nye arbeidsplass. Eg køyrde av E39 og kom meg til sentrum. Etter all landevegskøyringa var eg ikkje førebudd på trafikkaoset i storbyen Førde. Masse bilar, fotgjengarar og trafikklys. Utan navigasjon på i bilen, og med min fråverande retningssans, var eg ikkje ein gong sikker på om eg var i rett by. Eg måtte snart prøve å finne tilbake til den trygge landevegen. I forsøket, og i all min trøytte og forvirring, klarte eg både å køyre på raudt lys og i fortauskanten med bilen til pappa (ikkje fortel det til han då).

Eg fann til slutt tilbake til E39, utan å ha funne bygget eg leita etter, og utan å ha funne ut noko nytt om min komande heimby, bortsett frå at eg hadde lite lyst til å køyre bil der igjen. Så då var det strake vegen heim att og forsikre meg om at elsykkelen min, som lenge hadde stått og støva ned i garasjen, framleis var brukande. Førde virka litt mindre skremmande på to hjul.

No spolar eg fram nokre veker. Eg har endeleg kome så vidt i gang på avissenteret, og eg har så langt trivest i den nye heimbyen min. Byen verkar ikkje like stor og skummel no, og køyreturen der eg sneia fortauskanten har gått litt i gløymeboka.

I dag lét eg for så vidt sykkelen stå heime, og eg gjekk til jobben. Det viser seg nemleg at sykkelferdigheitene mine truleg er meir rustne enn sjølve sykkelen, så i går hadde eg ei nestenulykke på veg heim – fordi eg greidde å sykle i fortauskanten.