Å flytte heim til den trege bygdebyen etter mange år i storbyen og det digre utlandet er som å lande i ein mjuk, varm – ja – livmorliknande sofa i ein lun lobby full av folk ein liker. Den eine etter den andre lyser opp idet dei kjenner deg igjen, og du smiler så det knitrar der du går og ser på alt det nye i dei trege gamle spora.
Ei som kalla deg «freknetryne» då de vaks opp, hoppar på deg bak eit fancy bustadkompleks og gir deg ein klem som er så lang at det er uggent, men det var nettopp dette du håpa ville skje. Sjølv om du ikkje skal bu heime til du døyr, men berre nokre månader gjennom jobben, er det godt å bli omfamna. Når gamle venner helser hjarteleg, for så å ta deg med på trening og quiz, flyr dei første vekene som ein vind, og med vinden fyk frykta for at folk har vakse frå deg og har nok med sitt.
Sjølv når nokon gaular «trusa», «snusen» eller kva du no hadde slags kallenamn på ungdomsskulen, frå bilvindauge og oppe i lia, blir du glad.
– Er det strykebrettet som er heimom? roper ein du så vidt kjenner igjen, og nostalgien brusar så sveitten piplar fram på bringa.
Sånn skal det vere. Folk hukar tak i deg og tar deg med på teater i det nye teateret, konsert på den nye utestaden og vinkveld med den nye vinen. Du blir til og med invitert på frukost, første søndagen, slik at du slepp å sitte aleine på den store anger- og deppedagen. Sjølv om folk har blitt skilde og gifte igjen og har fått uvanar som å innleie kvar setning med «jau, jau», er det som om de aldri har vore frå kvarandre.
Ei tante du ikkje har sett på ti år, byr på kaffi, og sjølv om du slit med å få ned vaflane fordi ho hostar fælt på dei, er det fint å mimre om helseplagene i familien. Ein ekskjærast tar deg med på fjelltur, og det er nesten så du angrar på at du gjorde det slutt ein kveld i 1990 fordi du var ung og dum. Han har blitt tregare og fått nasebuskas, men han får deg til å le. Ja, du gjer knapt anna enn knegge, no når du er heime igjen.
Mange meiner at heimstaden din er grå og trist, og at folk er utilnærmelege. Dessutan ser ein knapt sola. Men nei, det er fullt fart og hæla i hålka. Ein laurdag då du ikkje har nokon avtale og blir litt tung til sinns, går du på ein gammal klassekamerat, og de tar ein øl og skravlar som om de har halde kontakten, ikkje berre veksla to ord på tiårsjubileumsfesten som de uansett ikkje hugsar noko av. Og ikkje før har du sagt ha det, så går du på ein gammal nabo som inviterer deg på middag og tar deg med på korøving, endå du ikkje kan synge.
Så fint kan det vere, det å flytte heim etter mange år borte.
I realiteten handlar det heller om å gli nervøst rundt, grå i håret og slapp i kjakane, på dei gamle vegane som har blitt langt breiare, mellom dei gamle bygga som er renoverte i hovudet og ræva, og ikkje bli hanka inn av gamle venner, fordi dei har gått vidare, mens du ser deg tilbake. Du ser ned i bakken og ser at du er like treg som dei gamle spora.