Eg er født og blåst opp på Stadlandet der vinden alltid har siste ord. Her vaks eg opp og – som alle andre der ute – lærte eg tidleg å halde godt fast i hatten!
Etter å ha levd ein barndom i motvind, flytta eg til Førde. Ja, det stemmer. Byen som ingen kan beskrive utan å rynke på nasen. Men etter Stadlandet kjennest sjølv dei mest fuktige og grå dagane i Førde ut som ein mild bris. For å bruke ein fotballmetafor so rykte eg ned frå storm til vindpust. Til forskjell frå fotball er det eit nedrykk eg kan vere fornøgd med.
Eg har klart meg fint, men broren min, som bur i Florø, minner meg stadig på at han hatar Førde. Det gjeld for heile Florø. Antar at det er byen sin måte å overleve på. Dei må berre hate noko, og det blei Førde. Dei ser på nabobyen som Narnia, men utan magi. Berre eit evig kaldt vintermørke som ein aldri kjem seg ut av. Kanskje litt som Vestlandets bermudatriangel?
Før Førde budde eg tre år på Sandane. Ein plass som, tru det eller ei, har noko å by på. Eg reiste dit for idretten, som er blant det som stiller sterkt der. Om det er fotball, friidrett, korps eller dugnad, so gir dei alt – sjølv i motbakke og motvind. Det hadde i alle fall eg god trening på frå før. For når ein ser det frå Sandane sitt perspektiv, med engasjementet i kvart eit andedrag – jo då kan Førde berre ha so mange bompengar og rundkøyringar dei vil.
No er eg her. Eg lovar å prøve å danne mitt eige inntrykk av Førde, sjølv om eg tar med meg alle andre sine inntrykk i bakhovudet. Eg er Julian Fløde, son av stormen, som har slått rot, eller prøver i det minste, i Førde. Eg har overlevd vindkasta frå Stad, idretten på Sandane og hittil regnet i Førde. Sjølv om eg ikkje har hatt intensjon om å hamne her, vil eg i alle fall vere godt rusta om eg skulle blåse vekk – igjen.