– Korleis taklar du det viss du blir spurd om å dekke ei sak om at statsministeren kjem til Førde om 20 minutt?
Haha… Statsministeren til Førde.
– Det skal gå bra, eg må jo berre hoppe ut i det, seier eg litt klamsvett under jobbintervjuet med avissenteret. Det kan jo ikkje skje, tenker eg inni meg.
Under fyrste morgonmøte med Firda blir det sagt at Livabygget har opningsdag. Eit tilbygg til sjukehuset, som forresten er min andre føretrekte arbeidsplass. Interessant sak, ho kunne eg likt å dekke. Vidare blir det sagt om saka at det er, hald pusten, sjølve statsministeren som opnar bygget! Kaldsvett og ein litt uroleg latter inni meg, haha… Statsministeren i Førde. Enda godt vi ikkje har starta med skrivinga, viss ikkje hadde det vore ei perfekt sak for sjukepleiaren som skal prøve seg som journalist i Førde.
Seinare den dagen reiser eg til Vassenden. Der bur foreldra til kjærasten min. På Vassenden et vi tako til middag, og ja, tako med k er eit endringsforslag frå Språkrådet som er ei nettside eg brukar flittig når eg no går fullt inn for nynorskskrivinga. Med tako i magen heng eg langt etter far til kjærasten min opp bakkane til Tindefjellet. Eg saknar den langflate Hardangervidda heime i Vest-Telemark, men seier ikkje dette høgt. Ikkje klage, berre le, må jo vise tennene ramsar eg opp i det eg smiler til ein som står og ventar tolmodig på meg lenger opp i fjellsida.
Sør for Hardangervidda er nok meir som heime, men hald pusten, for no skal eg nemleg skryte av Førde. Førde har Nynorskhus, sentralsjukehus og fjell, meir skal ikkje til for å glede ei skriveglad ung sjukepleiar.
Eg kjem meg til slutt opp på Tindefjellet med utsikt over Jølstravatnet. Ikkje klage, berre le, kan ikkje anna enn å vise tennene.
Vi sklir oss ned til hus og varme, kjøler oss ned med snickers-is. Eller er det snikkers-is?
Uansett, så fortel eg dei om oppstarten her på Avissenteret, og at statsminister Jens Stoltenberg hadde vore her i dag og opna Livabygget. Denne gongen var det ikkje eg som lo, haha… Statsminister, Jens Stoltenberg ja. Godt eg skal ha enda litt meir opplæring før eg set i gang med skrivinga.