Close

Innestengt utsyn

Del innlegg

Førde møtte meg i mørket med ein allé av bilforhandlarar. Den store, kvite Tesla-t-en lyste opp, eit omen for dei neste fire månadane i Førde, kanskje?

Korleis ein skal tolke dette symbolet, er ikkje lett å forstå, særleg etter fem timar i bil; over Hemsedalsfjella, gjennom svimlande tunnelar og krappe vestlandssvingar. Eg kjente at kontakta med verkelegheita heldt på å gleppe.

Eg er innestengt mellom fjell som ikkje kan skiljast frå himmelen over.

Førde i mørket var ein eg ikkje kunne venje meg til. Vi var to framande som sat på gatekjøkken med broddane på. Det var spegelblank is ute, men inne, i varmen frå frityromnen, kunne ein trygt gå utan. Eg lurte på om det var for seint å snu. Kva var verst? Førde eller den åtte dagar lange sørgemarsjen heim til Ål.

Eg sov på det.

Eg er van med Ål, der dei detaljstyrer. Der fargen på huset ditt berre kan vere raudt, brunt eller andre jordfargar. Ja, du kan bygge med flatt tak, men berre om ein ikkje kan sjå det frå vegen. Vil du ikkje heller bygge hallingstugu? Alt er bestemt, alt er kulturlandskap.

Førde er det første lyskrysset i Sogn og Fjordane og In God We Trust.

Neste morgon såg eg Førde i eit nytt lys. Då kunne eg sjå kven eg hadde med å gjere. Førde, eit amerikanisert vegkryss som rota seg til å bli by. Eg såg meg sjølv i Førde, den styggaste byen i Norge (Nyberg 1988) som prøvde veldig hardt å ikkje vere det. Eg òg gøymer meg inst i fjorden for å ikkje bli sett, og eg riv ned alt før nokon rekk å tenke på å kritisere meg.

Noko klønete kunne eg gå over islagd gate, broddane var gløymde heime. Kanskje kan eg òg lære å elske Texas?