Close

Rappkjefta seksåring og tosken journalist

Del innlegg

Eg er frå hovudstaden. Frå bygda som på 1100-talet husa landet sin konge, Magnus Erlingsson. Erlingsson blei konge som femåring. I Etne er det ikkje uvanleg å føle seg som konge frå ung alder.

Skrur ein tida 18 år tilbake, hadde eg min første skuledag. Det var ikkje ein kva som helst første skuledag. Kronprinsparet hadde nemleg lagt ut på vestlandsturné, og Etne var ei av bygdene på besøkslista. I folkehavet lurte journalistane som gjedder i sivet, i tillegg til ein seksåring som berre minuttar seinare skulle overrekkje ein blomsterbukett til kronprinsessa. Eg var plukka ut som éin av to heldige førsteklassingar til å ønske dei kongelege velkomne.

I media gjekk det rykte om at det var bollar i omnen hjå kronprinsessa. Ein av dei «toskne journalistane» – som pappa seier – såg moglegheita til å få avklart eit av dei store spørsmåla i livet, og lurte på om eg skulle spørje kronprinsessa om ho var gravid. Svaret frå den vesle guten med solbleikt pannelugg og mellomrom mellom fortennene kom kontant og presist: «Det kan du spørje om sjølv.»

Om det var denne opplevinga som la grunnlaget for ei journalistframtid, er uvisst. Eg har rekt å bli både 24 år gamal og ferdigutdanna lærar, men luggen er framleis solbleikt. Det er ikkje enkelt å få sommarjobb som lærar, og dermed hamna eg i lokalavisa. Der fann eg ut at det er journalistvegen eg vil gå. No er eg på plass i Førde, byen der nedbørsstatistikken ligg i norgestoppen, sjukehuset gladeleg tar imot svenske vikarlegar og folket kallar seg førdianarar. Eg har budd fem år i trivselsfylket og har blitt litt kjend med dette folkeslaget. Framleis er det ingen eg ikkje likar – det burde vere ein god start. På vegen er eg budd på å møte andre rappkjefta seksåringar, men berre tida vil vise kor tosken eg er.