Close

Praktikant

Staden eg sjeldan lengtar til

Eg er neppe åleine om å ha eit ambivalent forhold til heimstaden min. Det er verdas finaste stad, eg er stolt av han og viser han entusiastisk fram til alle som viser eit snev av interesse for han, men stoltheita kjem med ein bismak. Heimkommunen min, Herøy, har som fleire […]

Read More

Mellom rasfare og sveler

Førde har for meg vore ein eksotisk draum. Som halvt bergensar, halvt sunnmøring har eg kjent namnet so lenge eg kan hugse. Familien min køyrde gjennom byen opptil fleire gongar i året til og frå. Og alltid, i det vi køyrde av Lavik-Oppedal-ferja og nærma oss dei bratte svingane ned […]

Read More

Arr under haka, men dialekta i behald

Eg er siddis i Førde. 26 år gamle meg frå Stavanger. Til no har eg leika meg med teater og musikal på folkehøgskule, studert medievitskap og pedagogikk på NTNU, jobba frivillig i studentmediehus, samt vore lærar på barneskule i bartebyen. Eg har aldri brukt nynorsk før, men pratar skikkeleg stavangerdialekt […]

Read More

Fast jobb før fylte femti

Å vere tilkallingsvikar i mediebransjen har gjort meg til eit dårlegare menneske. Eg har dagleg drøymt om at alle kollegaane mine skulle verte ramma av langvarig sjukdom, det trass i at eg likte alle svært godt. Eg ville berre kome på jobb litt oftare. No satsar eg på ei framtid […]

Read More

Den lange reisevegen

Nyleg døydde bestemor mi. Og som alle andre bestemødrer, var ho den beste ein kan tenke seg. Varm, omtenksam og oppmerksam. Sette alltid barnebarna først. Bestemor hadde fire barn, 11 barnebarn og seks oldebarn. Ho budde på ein tettstad, heilt sør i Nordland. I ein kommune som stadig vart referert […]

Read More

Å møte rettskrivinga i døra

Som språknerd over alle språknerdar er det vel berre naturleg at eg fortset Skrivekløa med nok ein anekdote om språk. Tredje på rad – hat-trick! Og denne gongen skal det handle om å vere høg på sine eigne kunnskapar. Eg likar å påstå at eg har ei ganske god oversikt […]

Read More

Språkforvirring på bussen

Eg er språknerd. Eg elskar språk og alt som er språkrelatert: enten det er snakk om språkhistorie, språkpolitikk, grammatikk, rettskriving, dialekter – eg kastar meg inn i diskusjonen uansett. Ei av dei mange språklege hjartesakene mine er at vi skandinavar, vi bør kunne forstå kvarandre. Eg blir trist av nordmenn […]

Read More

Nordlending i nynorskland

Her sit eg i Førde, ein by eg aldri hadde drøymt om at eg skulle bu i. Eg er nordlending og har budd dei siste sju åra i Trondheim. Og endå avstanden frå Trondheim til heimstaden min er den same som frå Trondheim til Førde, opplever eg den sistnemnde reisa […]

Read More

Tenkaren på erta

Det er langt på natt og eg får ikkje sove. Hovudet er fylt med tankar som hadde passa betre tolv timar tidlegare, så sjølv om auga er lukka kjennest det som dei er opne. Eg unngår å sjå på klokka, for eg veit det gjer det verre. Tid er ikkje […]

Read More