Close

Arr under haka, men dialekta i behald

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Eg er siddis i Førde. 26 år gamle meg frå Stavanger. Til no har eg leika meg med teater og musikal på folkehøgskule, studert medievitskap og pedagogikk på NTNU, jobba frivillig i studentmediehus, samt vore lærar på barneskule i bartebyen. Eg har aldri brukt nynorsk før, men pratar skikkeleg stavangerdialekt og har kjempa hardt for å ikkje legge om. Eg skal halde fast på språk og dialekt, bortsett frå bokmål som eg no seier farvel til.

Dialekt er ikkje alltid lett, det blir som eit eige språk. Eg seier for eksempel «løye» til morosamt, «bisletud» til sladrehank, og «biringe» for ekkel. Dermed er det klar bane for mistyding blant oss nordmenn.

Vaksne folk i Norge forstår ikkje kvarandre. Kanskje ikkje så rart då at barneskuleelevar i Trondheim sleit med å forstå meg. Elevar har spurt meg «kva for eit land er du frå?», «kan du norsk?», «kan du ikkje prate slik som oss?». Nei. Så enkelt er det ikkje. Eg høyrest nemleg ut som ein full Bjarne Brøndbo når eg prøvar meg på trøndersk.

Forhåpentlegvis vil kollegaene mine i Firda, og «dokke» i Førde som eg møter på, forstå meg betre enn trønderske barn. Då eg fortalde ein 5.-klassing om arret eg har under haka, spurde han om det er derfor eg pratar slik eg gjer. Og det er lov å spørje kva i all verda eg nettopp sa. Eg er stolt av dialekta mi, og no skal eg og skriva nynorsk med stoltheit.