Close

Mellom rasfare og sveler

Del innlegg

Førde har for meg vore ein eksotisk draum. Som halvt bergensar, halvt sunnmøring har eg kjent namnet so lenge eg kan hugse. Familien min køyrde gjennom byen opptil fleire gongar i året til og frå. Og alltid, i det vi køyrde av Lavik-Oppedal-ferja og nærma oss dei bratte svingane ned mot sentrum, kjende eg det bruse i blodet. Eg var heilt sikker på at menneska i Førde og eg hadde mykje til felles ettersom staden låg midt mellom opphavet til foreldra mine, akkurat slik som eg. I dei naive barneauga mine hadde plassen alt. Ein Dolly Dimples (med ein fantastisk veteranbuss!), ein gigantisk Coop Extra og ikkje minst! Eit folk som kalla seg for førdianarar. Kor spennande var ikkje det?

I seinare tid har eg likevel forstått at alt ikkje berre er gull og grøne skogar her i byen. Under studietida mi i Volda gjekk eg blant anna i klasse med både ein førdianar og ein florøværing. Dei kom begge rett frå ei turbulent russetid, og eg fekk eit tydeleg bilde på korleis leia låg mellom dei to stridande partane. Eg har også høyrt lumske rykte om Førde-mafiaen, bomringar, rasfare og no; eit rykande ferskt og høgt omdiskutert fylke. Likevel har ikkje tanken vore for avskrekkande.

Etter Volda bevega eg meg bort frå Vestlandet for ei stund. Berlin, Oslo, London. Eg var sikker på at storbyen og tørrare klima var det som måtte til for å slå seg til ro. Fem år seinare, med ei medie- og fotografutdanning i bagasjen vart saknet etter Vestlandet for stort. Og sjølv om far min (som er meteorolog), spurde meg på veg mot Førde: «Du veit det regnar meir i Førde enn i Bergen?», skremde det meg ikkje. Nynorsk, sveler, fjell og fjord. Eg kjenner det kalle på meg. Og no er eg her, midt mellom Bergen og Sunnmøre, akkurat slik eg såg for meg som lita.