Close

Halvvegs sein, halvvegs sunnfjording

Del innlegg

Søndag kveld flytta eg inn i ny hybel i Dale. Ny hybel og ny jobb. Det tok tid før eg til slutt sovna, men det vart ikkje noko kvalitetssøvn, akkurat. Brått vakna eg kaldsveitt frå ein vond draum som slutta med at eg sprang febrilsk rundt og ropa: – Eg har mist bussen til fyrste arbeidsdagen i ny jobb!

Vekkarklokka peip klokka 0600, og eg hoppa bokstaveleg talt ut av senga. Så bekymra var eg for å misse bussen at eg var framme ved Firda Billag vel ti minutt før bussen skulle gå. Det høljregna og bles godt – typisk vestlandsvêr, altså. Men då eg runda svingen, møtte eg eit stort tomrom ved perrongen der bussen plar stå. – Bussen kan då umogleg ha køyrt utan meg, tenkte eg. Så såg eg ein mann springande gjennom regndropane over parkeringsplassen og inn på Firda Billag-kontoret. Han kom ut igjen i same fart med eit bilbatteri i hendene. Det var bussjåføren min. Då verka plutseleg ikkje bråstarten min på arbeidsåret fullt så gale.

Det å byrje brått på har eg opplevd før, då eg flytta frå Storbritannia til Flekke som åtteåring. Fyrste skuleåret bestod stort sett berre av norsktimar, og det var ikkje anna val enn å henge med i svingane. No har eg kasta meg ut i det igjen, som praktikant hjå Nynorsk avissenter. Eg gler meg til å takle det. Med den fordelen det er å sjå ting både utanfrå og innanfrå – som praktikantkullets einaste utlending, men også einaste sunnfjording.