«Førde er berre eit forbanna lyskryss med eit stygt kjøpesenter rundt!» Dette er ein kjend frase faren min brukte fast opp gjennom åra. For ei lita jente frå «Fagre Stryn» vart draumane knust kvar gong vi skulle køyre gjennom Førde og berre hadde tid til «eit lite stopp». Vesle Mina […]
Read More
– Korleis taklar du det viss du blir spurd om å dekke ei sak om at statsministeren kjem til Førde om 20 minutt? Haha… Statsministeren til Førde. – Det skal gå bra, eg må jo berre hoppe ut i det, seier eg litt klamsvett under jobbintervjuet med avissenteret. Det kan […]
Read More
Ingunn Gjærde (32) var praktikant hos Nynorsk avissenter hausten 2016. Då hadde ho aldri brukt spegelreflekskamera før. I dag er bildetaking ein viktig del av jobben hennar på NHH. Sjå kva ho driv med i videoen lenger nede. Søke plass? Første ledige plassar: Kull 23 hausten 2024. Søk innan 15. […]
Read More
Nynorsk avissenter har lært opp 97 journalistar på 11 år. Du kan bli den neste. Alt du treng å gjere er å søke innan 15. april. Vi er klare til å gje deg ein hestekur i journalistikk, med lønn. Seks månader seinare er du klar for jobbmarknaden. Malene Indrebø-Langlo frå […]
Read More
Nysgjerrig på tilbodet vårt, men usikker på om det er noko for deg? Her får du svar på det meste du måtte lure på! – Kva sit eg att med etter seks månadar hos Nynorsk avissenter? Det grunnleggande av nødvendig teori, mange publiserte saker og solid mengdetrening i journalistisk arbeid. […]
Read More
Det hende i dei dagar … Nei, vent no lite grann. Jula er vel strengt tatt over no? Det er jo ikkje slik at den varer heilt til påske, for imellom kjem jo fasta. Og den ventar eg på. No er jo ikkje eg spesielt religiøs av meg. Likevel har […]
Read More
Førde møtte meg i mørket med ein allé av bilforhandlarar. Den store, kvite Tesla-t-en lyste opp, eit omen for dei neste fire månadane i Førde, kanskje? Korleis ein skal tolke dette symbolet, er ikkje lett å forstå, særleg etter fem timar i bil; over Hemsedalsfjella, gjennom svimlande tunnelar og krappe […]
Read More
Journalistikk, nynorsk, opplæring med løn. Ja takk, kvifor ikkje? Eg har alltid vore grøn. I alle fall på jobben i Kiwi i Bergen. Før eg erstatta uniforma med smarttelefon og notatblokk. Studiet og alle tekstane eg skreiv, gav sjølvtillit. «Ung» og uerfaren på vaksenlivet gjekk eg i kast med å […]
Read More
Å flytte heim til den trege bygdebyen etter mange år i storbyen og det digre utlandet er som å lande i ein mjuk, varm – ja – livmorliknande sofa i ein lun lobby full av folk ein liker. Den eine etter den andre lyser opp idet dei kjenner deg igjen, […]
Read More
På måndag drista vi oss ut på delvis snødekte vegar, heile vegen til Aasentunet i Hovdebygda mellom Ørsta og Volda. Dette er altså staden der nynorskens far, Ivar Aasen vaks opp. Aasentunet er både eit museum, arkiv, bibliotek og opplevingssenter der Ivar Aasen og nynorsken er hovudtema. Praktikantane til NRK […]
Read More