Close

Fekk fagleg påfyll frå nynorskens «høgborg»

Del innlegg

På måndag drista vi oss ut på delvis snødekte vegar, heile vegen til Aasentunet i Hovdebygda mellom Ørsta og Volda. 

Dette er altså staden der nynorskens far, Ivar Aasen vaks opp. Aasentunet er både eit museum, arkiv, bibliotek og opplevingssenter der Ivar Aasen og nynorsken er hovudtema.

Praktikantane til NRK Nynorsk mediesenter reiste same stad på måndag. Saman med våre praktikantar, fekk dei fekk lære historia om grunnleggaren av nynorsk, og om korleis skriftspråket har utvikla seg både i media og elles fram til i dag.

– Det var kjekt å komme «til røtene», der mannen bak språket starta. Det var veldig interessant, seier praktikant Ronja Årskaug Vallestad.

Då programmet var over, gjekk korta varme i gåvebutikken til Aasentunet, der dei selde både bøker, koppar og boxarar med Ivar Aasen si underskrift – eller kloke sitat – på. Kanskje eit hint om kva slektningar og vennar kan vente seg under treet i år?