Close

Kjekk tur til Bergen – både fagleg og sosialt

Her er praktikantar og tilsette i Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter fotografert i eit ikkje ukjent fortballmiljø.

Del innlegg

Måndag og tysdag siste veka i november brukte Nynorsk avissenter i Bergen.

Der var vi på besøk til TV2, Bergens Tidende og NRK Vestland. Alt saman med NRK Nynorsk mediesenter.

– Det er veldig kjekt å reise på slike turar saman. Det gir i tillegg til det faglege vi får med oss, eit fint høve til å vere saman også sosialt, seier leiar i avissenteret, Ingunn Osland.

Daniel og Karen Anna i TV2

Vi starta besøksrunda vår i TV2. Der viste Daniel Gangeskar oss rundt i lokala, og vi fekk besøke ulike avdelingar og sjå korleis direktesendingane går føre seg. Vi fekk også slått av ein prat med Nyheitsanker i TV2, Sturla Dyregrov. Han fortalde mellom anna om korleis han handterer aktuelle hendingar på medan han har direktesending.

Tidlegare avissenter-praktikant Karen Anna Kleppe møtte oss også. Ho er no redaksjonssjef for HUB2- ei gruppe som jobbar med å få unge lesarar inn til TV2 sine flater.

– Eit veldig spennande arbeid. Fordi det er nyskapande, og fordi det får meg til å tenke på nye måtar, seier Karen Anna.

Ho starta si karriere i TV2 som TV-reporter i Tromsø eitt år etter at ho var ferdig på Nynorsk avissenter. I mellomtida jobba ho som journalist i lokalavisa Kvinnheringen.

– Det å ha jobba i lokalavis var utruleg nyttig når eg starta i TV2. Som journalist i ei lokalavis får ein prøvd seg på det meste. Det har vore veldig viktig for meg, og det er også noko som TV2 ser etter når dei tilset journalistar, seier Karen Anna.

BT og NRK

Etter besøket ho TV2 gjekk turen vidare til BT. Der vart vi møtt av Gerd Margrete Tjeldflåt. Ho fortalde litt om det politiske arbeidet i BT, om kommentarskriving og debattar. Og ho svara på spørsmål frå praktikantane, før vi fekk ei runde rundt i lokala til BT. Jostein Fagerland, som skal ha praksisen sin i BT frå nyttår, fekk også ein prat med leiaren for politikk og samfunn, som er den avdelinga han skal høyre til i praksisperioden.

Etter ein felles middag i sentrum gjekk turen tilbake til MCB, der vi fekk komme på besøk under innspelinga av Vestlandsrevyen. Spennande å sjå og høyre korleis dei jobbar med førebuing, oppdateringar undervegs i sendinga, og korleis regien jobbar.

Også tysdagen vart brukt i NRK. Der fekk vi omvising i dei ulike redaksjonane, og spennande innsikt i korleis journalistar og fotografar jobbar med ulike program og prosjekt. Her fekk vi innsikt i mykje som vi ikkje kan fortelje vidare. Og det er sjølvsagt stas å vite noko få andre veit!

Sosial kveld

Måndag kveld hadde vi avtalt å møte både tidlegare og kommande praktikantar på ein utestad. Mange kom, og det vart ei flott samling, både for dei som kjende kvarandre frå før, og dei som ikkje gjorde det. Og no kjenner alle kvarandre. Utruleg kjekk kveld!

Vi som jobbar i NA måtte love å ta kontakt neste gong det er praktikanttur til Bergen. Og ikkje minst, vi måtte love å ta med Kjell Ove Nordeide også!

Har du lyst å sjå fleire bilde frå turen, så gå inn på Facebooksida til Nynorsk avissenter.