Dei fem praktikantane som utgjer kull 22 på Nynorsk avissenter klare.
Carina Helseth (25), Marita Liabø (52), Johan Knutsen (32), Oda Sundgot (22) og Eros Coratti (31) kjem til Førde, Nynorskhuset og Nynorsk avissenter 3. januar. Klare for fire månader med opplæring i avissenteret og skriving i Firda. Deretter skal dei i ekstern praksis rundt om i nynorskskrivande aviser over heile landet.
Carina Helseth skildrar seg sjølv som ein litt forvirra 25-åring. Ho er utdanna barnehagelærar, men har jobba tre månader i ei lokalavis, og vil gjerne lære meir om journalistikk.
Carina bur for tida i Stavanger, men er oppvaksen langt aust i landet. Ho seier om seg sjølv at ho er blid, nysgjerrig, morosam og litt vimsete. Ho er glad i å lære nye ting, og i å utfordre seg sjølv på ulike måtar. Med seg kvar ho enn reiser har ho Ludvig, katten sin. Når ho ikkje er saman med han er ho gjerne å finne på første rad på ein konsert, og innimellom oppe på scena også. Carina likar å lese bøker, og ho samlar på sjeldne vinylplater. Til vinteren kan ho bli å finne både i Jølster skisenter og i Blomlia, for ho elskar å stå på slalåm.
Engasjementet for å bli nynorskpraktikant skildrar ho slik:
– Eg ønskjer å bli nynorskpraktikant først og fremst for å utfordre meg sjølv. Eg er glad i å skrive, lese og møte menneske. Eg veit at eg har ei journalistspire i meg. Det å få moglegheita til å kunne lære meg nynorsk og bruke det i journalistikken, verker skikkeleg spennande, lærerikt og ikkje minst kult! Eg har ein milelang veg å gå for å bli ein solid nynorsk journalist. Men eg er motivert og klar for å ta utfordringa. Eg starta akkurat no med å skrive denne teksten på nynorsk. Eg prøvde i «kvart fall».
Johan Knutsen kjem opphavleg frå Karmøy, men har budd i Bergen sidan 2012. Der har han studert litt av kvart, jobba hist og her og farta rundt som utøvande musikar.
– Det har vore ei sann fryd, men no er tida moden for å setje mine luftslott i pant!
Så lenge Johan kan hugse har han vore oppteken av menneske og historiene dei fortel. Interessa vart forsterka då han jobba i Memoar, ein organisasjon som samlar og formidlar munnleg historie. Det var medan han jobba der at ideen om å bli journalist tok tak.
– I vår fullførte eg mastergraden min i kulturvitskap på UiB, og då var tida moden for å søke praktikantplass i Førde. Igjen. Og sanneleg fekk eg den, seier Johan.
Han fortel vidare at motivasjonen for å bli journalist ikkje berre er eit ønske om å formidle, men kanskje heller behov for å lære. Han er nysgjerrig og elskar å undersøke, utforske og setje saman ulike idear og kunnskap for å sjå eit større og meir nyansert bilde.
– Som journalist håpar eg å kunne nytte mine kreative evner, treffe nye menneske og samtidig bidra til eit levande nærmiljø. Ny by, nye moglegheiter! Tida vil vise om Førde er stort nok for både Oddvar Torsheim og meg.
Oda Sundgot kjem frå Leveld, som er ei lita grend i Hallingdal. Ho har ein bachelorgrad i grafisk design og illustrasjon frå Kunsthøgskulen i Oslo. Vidaregåande tok ho lenger vekke, på Unitet World Colleges i Costa Rica.
– Formidling har alltid vore viktig for meg, gjennom å skrive, teikne eller gjennom heilt andre kanalar. Eg vil vere med på å fortelje historier. Dessutan likar eg historie, særleg den som omhandlar vanlege menneske seier Oda om seg sjølv.
Ho har ei klar meining om at nynorsk er eit språk som passar godt til nyhende. Det er klart og tydeleg, og lett å forstå.
– Nynorsk er viktig for meg. Eg ser på det nynorske språket som ein viktig del av min identitet, seier Oda.
Ho gler seg til å komme til Førde og Nynorskhuset, der alt er på nynorsk og ho får høve til å få ei djupare forståing for både språket og journalistikken.
Marita Liabø seier dette om seg sjølv: – Eg må vere tidenes eldste praktikant: fødd i 1971. Eg vaks opp i Førde, men har levd eit rotlaust liv i Bergen, i Oslo og på reise. Foreldra mine og størstedelen av familien bur i Nordland, mens eg bur i eit trekkfullt lite rekkehus på Nesoddtangen med mann og fire ungar som ikkje lenger er ungar. Å få vere praktikant ved Nynorsk avissenter er reine heimvendingseventyret.
Eg er utdanna lektor i engelsk og norsk og har hatt mange ulike jobbar, blant anna som lærar, sjølvsagt, og postbod. Men eg har alltid skrive – romanar og noveller, kronikkar, spaltar, intervju og alskens. I 18 år har eg vore fjernsynstekstar i NRK, og dei siste åra har eg i tillegg lese korrektur i Dag og Tid, der eg òg skriv eit og anna.
Fordi eg har vore lausarbeidar i alle år, hamnar eg fort mellom stolar når eg søker fast stilling. Eg søkte om praktikantplass ved Nynorsk avissenter i eit freidig augeblikk der eg tenkte at dette er draumen: ei intensiv, kompakt avis- og journalistfagleg utdanning. Eg jublar over å ha fått plass, og målet er at eg – med alt vi lærer og får trent på – får fast jobb innan journalistikk eller formidling og får 18 gode år der.
Eros Coratti er bergensar. Han har bachelorgrad i journalsitikk med hovudvekt på tv og radio frå Høgskulen i Volda. Han har jobba litt frilans, og teorien har han inne etter journalistutdanninga.
No gler han seg til å komme til Førde for å få den praktiske opplæringa som Nynorsk avissenter og Firda kan gje han. Målet er jobb i ei nynorskskrivande avis, gjerne ei lokalavis.
– Eg er ikkje så veldig stødig i nynorsk, men eg skal bruke tida fram til januar å trene, både ved å lese, skrive og om mogleg tenke nynorsk, seier Coratti.