Close

God stemning. Fine folk. Det vart ein flott jubileumskveld

Her er nokre glimt frå festen. På bildet øvst til høgre står bak frå venstre: Ingunn Osland, Tobias Lucey, Øystein Frønsdal, Kjell Ove Nordeide, Ronja Vallestad, Jostein Fagerland, Natalie Hermansen, Camilla Aasen, Synne Olsen, Frode Grimelid, Elsa Di Valerio, Hallgeir Berge, Ivar Bruvik Sætre og Ivar Longvatøl. Framme sit Siri Helle, Pernille Grøndal, Emil Hosøy og Eirin Horvei. På veggen bak heng bilde av alle praktikantane som har vore på Nynorsk avissenter.

Del innlegg

Sist helg feira Nynorsk avissenter 10 år. Vi hadde det veldig kjekt!

10 år. 93 praktikantar. Ikkje alle kunne komme til Førde og vere med på feiringa, men rundt 20 var samla til fest. Vi mimra og mingla. Vi lo og smilte. Akkurat slik gjensyn skal vere.

På programmet stod omvising i det nye Nynorskhuset, ein treretters middag og ein liten intimkonsert med Helge Johnsen, Ivar Bruvik Sætre og Ove Mjåtveit. Dei spelte vakre viser, og hadde også med ein låt dei framførte for første gong, skrive av Jakob Sande og med refrenget faen dansar på Jølster.  Allsongen starta der, og toppa seg med Helge si vise: Fesjå på Breim, ein tekst som alle journalistar kan kjenne seg att i.

– Det var ein fantastisk kveld, seier dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Ingunn Osland.

Med på festen var også to av dei tidlegare leiarane, Kjell Ove Nordeide, som framleis er ein del av teamet på Nynorsk avissenter, og Ivar Myklebust Longvastøl. Arve Sandal, som var den første leiaren, og den som drog det heile i gang, kunne dessverre ikkje vere med. Han hadde allereie takka ja til å vere med på Nordfjord folkehøgskule sitt 100 års jubileum. Men Arve sende varme helsingar. Det same gjorde mange av dei praktikantane som ikkje hadde høve til å vere med denne kvelden.

Timane gjekk fort. Slik dei gjer i møte med fine folk. Minne vart utveksla, og det vart knytt nye kontaktar.

Og til dei som ikkje kunne komme denne kvelden; vi satsar på å få til samlingar i AlumNAene i løpet av neste år også. Både i Oslo, Bergen og Førde.