Close

Solveig er journalist. No forskar ho på journalistikk i krisesituasjonar

Solveig Høegh-Khron var praktikant på Nynorsk avissenter hausten 2021.

Del innlegg

Med master i medievitskap, eit halvår på Nynorsk avissenter og eitt år som journalist i Vestnytt var Solveig Høegh-Khron akkurat den personen UiB såg etter for å forske på klimajournalistikk. No har ho lagt fram resultatet for eitt års arbeid.

– Eg likar veldig godt å vere journalist. Men prosjektet som MUCS (Media Use in Crisis Situations) skulle ha folk til freista veldig, og eg søkte. Eg fekk jobben, og det har vore eit veldig spennande år, der eg har fått bruke både teori og ikkje minst den praksisen eg har fått som journalist i Nynorsk avissenter og i Vestnytt, seier Solveig Høegh- Khron.

Spennande, men annleis

Det siste året har Solveig forska på mediebruken til 30 informantar på Vestlandet. Halvparten av informantane var frå gamle Sogn og Fjordane, og halvparten frå gamle Hordaland.

No har ho lagt fram resultatet på idéverkstaden «Frå kvardagsliv til klimakrise».

– Eg fekk verkeleg bruk for erfaringane mine som journalist. Både då eg gjennomførte intervjua, og medan eg jobba med å skrive ut resultata. Det å bruke eit språk som er forståeleg, og å klare å fokusere på det som er viktig, hadde eg truleg slite mykje meir med om eg ikkje hadde bakgrunn som journalist. Sjølve publiseringa av resultatet er på engelsk, men eg må jo bruke norsk når eg presenterer det her. Og då sjølvsagt nynorsk, seier bergensjenta.

Solveig forklarar at ho intervjua breitt, men at dersom ikkje informantane kom inn på det sjølv, så spurte ho om klimajournalistikk.

– Klima er ei annleis sak. Folk slit med å plassere klimaendringar i nyheits,- og mediebruken i kvardagen, og eg opplevde at mange verka å unngå temaet, seier Solveig.

Ho seier jobben som forskar er litt annleis enn å vere journalist, og at journalisten i ho slit litt med at ho har god tid. På godt og vondt.

– Det har vore veldig spennande og lærerikt, men eg saknar av og til pulsen og tempoet i journalistikken, seier ho.

Doktorgrad neste

Likevel har Solveig bestemt seg for å halde fram med forsking. To dagar etter avslutta forskingsprosjekt, startar Solveig i ny jobb. Ho blir stipendiat i fire år, og når ho er ferdig har ho teke doktorgrad.

– Det er ei forskarutdanning, og her i landet er vi så heldige at vi blir kalla stipendiatar og får lønn for arbeidet undervegs. Dei fire åra skal munne ut i eit forskingsresultat. Og eg kjem ikkje til å jobbe åleine. Vi er fire på prosjektet no i førstinga, og så kan det bli fleire med etter kvart, seier Solveig.

Svært forenkla forklart skal ho forske på demokrati og media.

Dette har ho forska på

Solveig presenterte resultata av prosjektet ho har jobba med siste året på ein idéverkstad i regi av Universitetet i Bergen.

Der deltok NRKs klimaredaksjon, Senter for undersøkande journalistikk, redaktøren i Energi og klima, saman med forskarar og journalistar frå både riksmedia og lokalaviser.

Ho forklarte at det først vart sett opp kontekst og rammeverk for arbeidet. Det var kort fortalt slik:

  • Omtrent 1 av 4 nordmenn er tvilande til at vihar menneskeskapte klimaendringar
  • Fornekting er sosialt produserte kjensler integrert i kvardagslivet
  • Mange kriser på nyheitsagendaen konkurrerer om merksemda
  • Klimaendringane som sak kan vere utfordrande for nyheitsjournalistikken

 

Så stilte ho seg desse spørsmåla som ho ville forske på:

  • Kva plass har klimaendringar i nyheitsbruken i kvardagen?
  • Korleis oppfattar publikum klimaendringar som nyheitssak?
  • Korleis oppfattar publikum klimaendringar samanlikna med andre kriser?

 

– Slik forsking gir ingen konkrete svar eller løysingar. Men det er interessant. Eg opplevde at mange av informantane vart litt usikre på kva klimajournalistikk eigentleg er. Klima blir blanda saman med natur og miljø. Klima gjennomsyrar alt, og det fører til at klimasaker kan opplevast som ulne og vanskelege å relatere seg til. Eg har ikkje svar, men nokre konklusjonar har vi drege etter prosjektet, seier Solveig.

Konklusjonane er:

  • Saker som er meir lokale og konkrete, mindre abstrakte og langt borte (i tid og rom) er meir relaterbar i kvardagen
  • Ikkje berre håp og løysingar, men også djuptgåande kan skape interesse
  • Meir er ikkje betre: repeterande forteljingar og bodskap kan bidra til utmatting