Close

På tur med gode naboar

SAMARBEID: Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter har vore hos Kari Støfringsdal og laga mat saman. Og ikkje minst, vi kosa oss med både kyllingsuppe, himmelsk lapskaus og heimebakt brytebrød då maten var ferdig.

Del innlegg

Å jobbe saman for eit felles mål er alltid engasjerande. Målet denne gongen var mat, og praktikantane på avissenteret og mediesenteret jobba og prata side om side.

Leia av Kari Støfringsdal gjekk matlaginga som smurt. Og resultatet var fantastisk godt. Ei kyllingsuppe der ingen av ingrediensane var på boks eller i pose. Suppa vart laga frå grunnen av. Det same vart den himmelske lapskausen, som med råkrem (blanding av eggedosis og piska krem) rett og slett var himmelsk god.

Turen til Vassenden og Kari Støfringsdal er tradisjon for praktikantane andre veka på jobb. Det er ein fin måte å bli kjent med kvarandre, og å skape samhald. Denne hausten er dei to opplæringane blitt naboar, og det ligg derfor til rette for meir samarbeid enn nokon gong.

Etter to veker ved Nynorsk avissenter har praktikantane no fått publisert to saker på firda.no. Begge er saker dei har vore ute på og seinare skrive saman. Å skrive saman er faktisk vel så krevjande som å gjere det åleine, og lovar veldig godt for resten av tida her i Førde.

Neste veke skal praktikantane jobbe vidare med å skrive for Firda, og delta i det daglege arbeidet i redaksjonen.