Close

Nytt hus, nye moglegheiter

Bilde 1: Her er dei ti praktikantane frå Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter samla i gangen, der dei dagleg møtest. Frå venstre: Ronja Årskaug Vallestad, Emil Askvik Hosøy, Jostein Fagerland, Pernille Ekornrud Grøndal, Marie Olderkjær, Jarand Aga Baas, Ingrid Byggland, Martin Værum Anda, Julie Haugen og Matilde Sunde Solsvik. Bilde 2: Her hjelper Erik Hovland frå Firda-redaksjonen Ivar Bruvik Sætre med å bere inn kassar til Nynorsk avissenter. sine nye lokale. Bilde 3: Kjell Ove Nordeide jobbar med å henge opp bilde av til saman 88 praktikantar som har fullført utdanninga på Nynorsk avissenter. Bilde 4: Sjå kor bra det blei!

Del innlegg

Nynorskhuset gir nye moglegheiter. Ikkje minst for Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter.

 

No er Nynorsk avissenter på plass i nye lokale i Nynorskhuset. Det har vore mykje bering, opphenging, skruing av møblar og testing av tekniske ordningar dei siste vekene. Men det er heilt greitt, for resultatet er blitt fint. På mange måtar.

Samarbeidet og dei nye moglegheitene det gir å vere ein del av det nye Nynorskhuset er uante, og spennande.

Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter har i alle år samarbeidd tett. No er vi òg så å seie samlokaliserte, både fagleg og sosialt. Lokala våre er delte med glasvegger som kan opnast opp. Vi ser kvarandre og snakkast kvar einaste dag, til glede for både tilsette og praktikantar.

Dei første vekene har vi mykje felles undervisning og felles møtepunkt. Vi skal også på tur saman etter jobb. Då skal vi til Fjordamattunet, der vi i fellesskap lagar mat og deretter nyt resultatet. Vi gler oss til det og til resten av hausten i eit hus som i desse dagar blir fylt av nye menneske og aktivitetar.

Den luftige plasseringa vår i Nynorskhuset rett over inngangspartiet gir utsikt til klargjeringa av restaurant Røyst og Teater Vestland. Der opnar dørene om få dagar. I etasjane over oss kom NRK og Firda på plass tidleg i sommar, og i Firda-redaksjonen har praktikantane allereie fått arbeidsstasjonar og deltatt på sine første morgonmøte. Oppsummert: Ein god og lovande start i Nynorskhuset.