Close

Nye praktikantar på plass

Ronja Årskaug Vallestad, Emil Askvik Hosøy, Jostein Fagerland, Pernille Ekornrud Grøndal og Marie Olderkjær framfor Nynorskhuset i Førde sentrum.

Del innlegg

Måndag hadde Ronja Årskaug Vallestad, Emil Askvik Hosøy, Jostein Fagerland, Pernille Ekornrud Grøndal og Marie Olderkjær sin første arbeidsdag i Nynorsk avissenter i Førde.

– Denne gongen er det ekstra spennande å gå i gang med eit nytt kull. Ikkje berre er praktikantane nye, vi har også flytta inn i nye lokale, nærmare Nynorsk mediesenter, men lenger frå Firda, seier dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Ingunn Osland.

Ikkje det at det er så veldig langt til Firda, og dei to etasjane opp er lette å gå, særleg då vi vart møtte så hjarteleg av dei nye kollegaene som vi vart då vi tok turen rundt i Firda- redaksjonen måndag.

Tysdag var det felleskurs med dei næraste naboane i Nynorskhuset. Terje Gilleshammer (NRK) guida dei rundt om i moglegheiter, utfordringar, historie, framtidsutsikter, gleder og konfliktar i Sogn og Fjordane. Ei inspirerande reise.

– Etter berre eit par dagar føler vi som jobbar her at vi er begynt å bli kjende med dei nye praktikantane. No gler vi oss til å hjelpe dei fram til å bli gode journalistar. Det skal vi bruke dei neste fire månadene på, seier Osland.

Første veka er det eit tettpakka program, som inneheld mange kurs, men også sosiale aktivitetar.

Om eit par veker vil også Firda sine lesarar oppdage dei nye skribentane i spaltene.

Fram til nyttår vil Ronja, Emil, Jostein, Emil, Pernille og Marie vere i Førde, og alt dei produserer vil bli publisert i Firda. I januar og februar vil dei vere i praksis i ei sjølvvald nynorskskrivande avis.