Close

Spennande runde til praksisaviser 

Marita Haugsbø er i TV2, Frida Rystad Aune i Klassekampen, Eline Krøvel i Nynorsk pressekontor, Vilde Ferah Molven i Svalbardposten, og Jonas Yang Tislevoll i Framtida.no.

Del innlegg

Den siste veka har Ingunn Osland reist rundt til fem av seks praktikantar som er i praksis. Turen gjekk til Oslo, Svalbard og Bergen.

Framtida.no

– Framtida.no vart sitert i fleire aviser på ei sak Jonas hadde laga. Det er ikkje kvardagskost for oss, seier Andrea Rygg Nøttveit i Framtida.no, som har ungdom som målgruppe.

Jonas Tislevoll har sidan 2. mai vore praktikant i avisa. Han har laga mange spennande reportasjar, og skryt av praksisplassen sin.

– Eg har fått veldig stor fridom, seier Jonas, og understrekar at det gjeld både kva saker han vil gripe tak i, og korleis han løyser dei.

Han skryt også over dei andre i redaksjonen, som har vore til hjelp og støtte.

Jonas begynte i sommarjobb i Fædrelandsvennen i Kristiansand allereie fredag 23. juni. Der gjekk han rett i helgevakt. Dermed er han ikkje heilt ferdig i praksis.

– Vi har ein avtale om at Jonas kjem igjen ei veke i september og jobbar her då. Det er både eg og han godt nøgde med, seier Rygg Nøttveit.

Klassekampen

Nokre kvartal unna sit Frida Rystad Aune i innanriksavdelinga til Klassekampen. Der har ho hatt sin praksis sidan begynnelsen av mai.

– Det er veldig kjekt å jobbe her. Veldig mange trivelege kollegaer, og mykje interessant stoff å jobbe med. Litt utfordrande er det med deadline har det vore. Her må alt bli ferdig slik at det er klart til papiravisa i tretida om dagen, seier Frida.

Nyheitssjef Ida Wangberg seier Frida har jobba godt i praksisperioden.

– Ho er god på å sjå nyhende, og har også laga nokre viktige saker etter eige initiativ. Ei av dei vart faktisk teke opp i debatten, seier Wangberg.

Frida jobbar i Klassekampen ut juni månad, og har fleire saker ho jobbar med den siste veka. Det er berre å følge med.

Nynorsk pressekontor

Eline Krøvel er også i Oslo. Ho jobbar i Nynorsk pressekontor, som held til i Pressens hus.

– Eg likar meg veldig godt. Får mange spennande saker, og har fått reise ut på reportasjar, seier Eline.

– Det er litt moro å sjå at både avisa i heimbygda mi, Mørenytt, og Firda som eg også var i har brukt saker som eg har laga. Det er det sjølvsagt mange andre aviser som gjer også, men det er litt ekstra moro å sjå at dei avisene eg har tilknyting til gjer det.

Eline er snart ferdig med praksisperioden, men vil halde fram i Nynorsk pressekontor, der ho også har fått sommarjobb.

Ho håpar også på deltidsjobbing der utover hausten då ho skal begynne på masteren sin i litteraturvitskap.

– Det heilt store hadde vore om eg fekk reise til Førde og dekke den offisielle opninga av Nynorskhuset i slutten av september, seier Eline.

Svalbardposten

Frå tre praktikantbesøk i Oslo gjekk turen vidare til Svalbard og Svalbardposten. Der er Vilde Ferah Molven i praksis. Ho gjekk på Nynorsk avissenter hausten 2022, men utsette praksisen sin til mai og juni, for då fekk ho moglegheita ho ønska seg aller mest. Praksis i Svalbardposten.

– Det er utruleg spennande å jobbe her. Ein liten redaksjon, men veldig kjekk. Eg har blitt veldig godt motteken. Vi jobbar tett, og eg får verkeleg utfordre meg sjølv og får moglegheita til å skrive alt frå dei heilt lokale sakene, hendingssaker og til større reportasjar. Eg har fått reise til Barentsburg for å sjå på tilhøva der, og ikkje minst, eg har fått laga eit større intervju med mitt store idol, Patti Smith, som var her i Longyearbyen og hadde konsert. Det er heilt fantastisk, seier Vilde.

Avisa har fått nokre kommentarar på at det er stoff på nynorsk, men ikkje så mykje som ein kanskje skulle tru.

Heilt uvant med nynorsk er heller ikkje Svalbardposten. Historisk har avisa hatt nokre sogefortellingar på nynorsk, og etter at Line Nagell Ylvisåker tok over som redaktør ved nyttår har alle leiarane i avisa også vore på nynorsk.

Vilde blir på Longyearbyen til midt i august. Ho likar seg godt, og har takka ja til sommarjobb i Svalbardposten. Etter det reiser ho heim til Bergen, der ho har fått eit vikariat i IntraFish.

– Eg er kjempeglad for at eg får skrive nynorsk også der, seier bergensjenta.

TV2

For meg gjekk turen frå Svalbard vidare til nettopp Bergen. Der er Marita Haugsdal praktikant i TV2.

– Det er veldig kjekt. Eg trivast godt, og føler no at eg er kommen godt inn i deskjobbinga, seier Marita.

Reportasjesjef Chris Ronald Hermannsen seier det er fint med praktikantar som kan nyheiter.

– Eg ser tydeleg at Marita både ser ei god nyheitssak, og ikkje minst at ho veit korleis ho skal vinkle den og bygge den opp for å få med lesaren, seier Hermannsen.

Marita seier ho har lært mykje, og at ho grugledar seg litt til at ho er ferdig med praksisperioden, og skal over i sommarjobb.

– Då må eg i tillegg til skriving også vere med på TV. Spennande, men litt skummelt også. Eg jobbar mest med meg sjølv for å få opp sjølvtilliten på at dei sakene eg ser også er gode saker for TV2. Men eg kjenner at eg blir tryggare etter kvart, seier Marita.

Ho kom rett frå jobb som sjukepleiar og til Nynorsk avissenter i januar i år. Når ho er ferdig med sommarjobben skal ho ta seg ein liten ferie, før ho jobbar seg vidare mot målet om fast jobb i journalistikken.

– Eg er litt usikker på kvar eg kjem til å hamne. Eg likar meg godt her, og håpar å vere tilkallingsvikar samtidig som eg ferdigstiller utdaninninga mi i sosialantropologi til hausten. Eg har eit halvt år igjen der, og så satsar eg på ein mediejobb på fulltid, seier Marita.

Dalane Tidende

Den einaste som ikkje fekk besøk var Anne Lotte Ognedal, som har praksis i Dalane Tidende. At ho klarar seg godt i praksis er det ikkje tvil om. Etter at praksisen blir avslutta 30. juni går ho rett i sommarjobb, og ho har også fått tilbod om vidare arbeid i avisa.

Kjekt å møte fleire tidlegare praktikantar

Under besøket i Oslo hadde vi også eit møte oss praktikantar i mellom. Til saman var rundt ti tidlegare praktikantar, der både første og siste kull var representert innom. Det var mykje å snakke om, både for oss som kjenner kvarandre frå før, og for dei som møtte kvarandre for første gong.

Og dette er litt flaut. Men underteikna vart så oppteken av å snakke med alle saman, at det var først når møtet var over at eg kom på at eg hadde gløymt å ta bilde.

Men uansett. Tusen takk til alle som kom. Det var utruleg kjekt å møte dokker igjen, og å høyre korleis det går med dokker.