Close

Her er kull 21 på Nynorsk avissenter

Ronja Årskaug Vallestad, Jostein Fagerland, Pernille Grøndal, Emil Askvik Hosøy og Marie Olderkjær.

Del innlegg

Nysgjerrig på kven som blir dei neste fem praktikantane på Nynorsk avissenter? Her er dei!

Ronja Årskaug Vallestad (20), Jostein Fagerland (27), Pernille Grøndal (33), Emil Askvik Hosøy (25) og Marie Olderkjær (27) er klare for Nynorsk avissenter. Dei blir første kull i det nye Nynorskhuset, der dei startar 21. august.

Sjølv om alle fem har tilknyting til vestlandet, kjem dei til Førde frå ulike stader i landet – og verda.

Ronja Årskaug Vallestad (20), Viksdalen i Sunnfjord

Dette seier ho om seg sjølv: Eg heiter Ronja Årskaug Vallestad, og er 20 år. Eg er oppvaksen på Viksdalen i Sunnfjord. På vidaregåande tok eg eit år på media og kommunikasjon I Førde, før eg bytte til studiespesialiserande på Sandane.

Etter VGS flytta eg til Svalbard for å gå på ekspedisjonslinja på folkehøgskulen der. Eit år blei til to, og andre året vart stipendiat på same skulen. Eg har stor interesse for friluftsliv, og ein kjærleik for naturen og miljøet rundt meg. Desse interessene har blomstra på Svalbard. No ynskjer eg å prøve ut journalistikk for å lære meir om korleis eg kan formidle historier og nyhende om ulike menneske.

Eg ser føre meg at det å kome tilbake til Førde kan bli spennande, lærerikt og utfordrande på ulike vis. Journalistikk er ein svært viktig del av samfunnet som eg ynskjer å bidra til at blir meir nynorskinkluderande.

Jostein Fagerland (27), Karmøy

Dette seier han om seg sjølv: Eg heiter Jostein Fagerland, er fødd i 1995 og kjem frå Karmøy i Rogaland. Gjennom studietida mi i Trondheim, Sogndal og Bergen har eg utdanna meg til å bli adjunkt. Eg fullfører masteroppgåva mi i historie våren 2023 i hovudstaden.

I fleire år har eg hatt eit ønske om å prøve meg som journalist. Dette fekk eg moglegheit til gjennom eit sommarvikariat i Haugesunds Avis i 2022, og erfaringane derifrå overtydde meg om at dette var vegen eg ville gå. Difor ynskjer eg no å rette auga mot vestlandet og til Nynorsk avissenter for å utvikla meg vidare som journalist.

Ikkje minst ser eg på denne praktikantstillinga som ei moglegheit for å ta tilbake nynorsken, som gjennom heile grunnskulen og vidaregåande skule var mitt hovudmål, men som dei siste åra i for stor grad har vika plass for bokmål. Eg reknar nynorsk framleis som mitt hovudmål og eg ser fram til å kunne bruka det, og utvikla det i kvardagen. Ikkje minst i jobbsamanheng.

Pernille Grøndal (33), Bergen

Dette seier ho om seg sjølv: Eg er 32 år, kjem opphaveleg frå Asker i Viken, men har budd dei siste tolv åra i Bergen – med unntak av i skrivande stund. Akkurat no bur eg i Lofoten og er på halvårskurs med Nordnorsk klatreskule. Eg har studert juss på UiB, og har jobba som jurist med helserett hos Statsforvaltaren i Vestland og med personvern i SIKT. Tidlegare har eg òg studert psykologi ved NTNU i Trondheim.

Eg har alltid vore interessert i tekstarbeid og samfunnsaktuelle spørsmål, noko som blei ytterlegare forsterka då eg var med i tidsskriftet Fett som student. Derfor har eg no lyst til å prøve meg som journalist. Eg meiner at språk formar røynda vår og er med på å skape, halde oppe eller endre maktstrukturar.

Eg har vore så heldig å oppdage nynorsk i jobbsamanheng og gjennom skjønnlitteratur. Slik har eg verkeleg fått auga opp for kor viktig nynorsk er for norsk språkkultur og -identitet. Eg gler meg til å formidle historier og viktige saker på nynorsk, og vonleg bidra til å fremje god nynorsk journalistikk. Og så gler eg meg veldig til å oppdage klatringa i Førde og omegn.

Emil Askvik Hosøy (25), Gulen

Dette seier han om seg sjølv: Mitt namn er Emil Askvik Hosøy, og eg kjem til journalistikken gjennom min bakgrunn i historie.

For meg er journalisten den fyrste historieskrivaren: hen er til stades når hendingane skjer – eller i det minste like etter – og skriv dei fyrste skildringane av ho. Historie har alltid vore ei av mine viktigaste interesser, og då eg skreiv mastergraden min om tyrkiske avisteikningar på 1930-talet spissa denne interessa seg for alvor mot journalistikk.

Eg fann ut at eg ikkje lenger berre ville lesa nyhendene, men også vera med på å skriva dei. Og når eg so først bestemte meg for at det var nyhende eg ville skriva, so måtte eg sjølvsagt skriva dei på nynorsk.

Eg vaks opp på Byrknes, ei lita bygd ytst i Sognefjorden, og nynorsk er det einaste målføret eg har. Trass i eg har budd lenge i Oslo og Tyrkia har eg sterkt meg langt for å halda på både nynorsken og dialekta mi, og no ser eg etter ein sjanse til å nytta dei oftare.

Marie Olderkjær (27), Kvinnherad

Dette seier ho om seg sjølv: Eg heiter Marie. Eg er 27 år gammal og kjem frå Sunde i Kvinnherad. Det siste året har eg budd i Stellenbosch i Sør-Afrika medan eg fullfører ein bachelorgrad innanfor internasjonale studiar. No kjenner eg meg derimot klar for å flytte heim att til gamlelandet for nye utfordringar.

Studietida mi har verkeleg vekt interessa mi for å skrive, og derfor ønsker eg å få moglegheit til å bli journalist. For meg har det alltid vore naturleg å skrive på nynorsk, og derfor tenker eg at Nynorsk avissenter er det rette for meg. Eg er svært interessert i politikk, samfunn og historie.

Som person er eg nysgjerrig og eventyrlysten, og eg har brukt mykje tid på å reise rundt i verda. Før eg flytta til Sør-Afrika har eg òg hatt eit studieopphald i Ghana og jobba frivillig både i San Francisco og Kenya, og i tillegg besøkt mange andre land.