Close

Då har praktikantane «forlate reiret»

Del innlegg

Fire månadar går fort! Vipps, så var dei fem praktikantane i kull 20 ferdige hos Nynorsk avissenter. Dei kjem til å bli sakna av både kollegaer og leiing. Det vart tydeleg under avslutningsseremonien med pizzalunsj denne fredagen.

Firda-redaktør Kai Aage Pederesen løfta fram at dei omtrent frå dag éin leverte svært gode saker som nådde høgt opp på engasjement blant lesarane. No ventar to månadar med praksis i ulike mediehus. Tre av dei reiser til hovudstaden:

Jonas Yang Tislevoll fer til Framtida, Eline Krøvel til Nynorsk pressekontor og Frida Rystad Aune til Klassekampen.

Anne Lotte Ognedal reiser til heimtraktene i Rogaland, og skal skrive for Dalane tidende i Egersund. Marita Haugsdal reiser til Bergen for å jobbe i TV2. Ho blir dermed den andre praktikanten frå avissenteret som tar praksisen sin der.

Vårens praktikantar er på sett og vis historiske, for dei er siste kullet som får opplæringa si i Firda-bygget på Øyrane. I juni flyttar både avisa og Nynorsk avissenter inn i Nynorskhuset midt i Førde sentrum.

Vi på Nynorsk avissenter ønsker kull 20 lukke til på ferda si vidare!