Close

Kjekk fellestur til Bergen

Del innlegg

Måndag og tysdag denne veka var Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter på felles tur til Media City i Bergen.

– Vi har sett inn i andre redaksjonar, og fått innblikk i korleis dei jobbar. Det er alltid kjekt. Det er også fint å møte igjen og vise fram tidlegare nynorskpraktikantar som no jobbar i TV2, BT og NRK til noverande praktikantar, seier dagleg leiar i avissenteret, Ingunn Osland.

Å vere saman med kollegaene våre på mediesenteret på turen var også veldig kjekt.

TV2

Vi starta omvisinga på TV2, der Trine Svanholm Misje, som har vore praktikant på Nynorsk mediesenter for nokre år sidan, viste oss rundt.

Trine fortalde om det å bruke nynorsk i TV2.

– Eg starta her omtrent samtidig som det vart lov å skrive nynorsk, og har brukt nynorsk heile tida. At no fleire også skriv nynorsk, er veldig kjekt å sjå. At det blir godt motteke i kanalen er også gledeleg. Neste mål er å få nynorske titlar på TV2-fronten på nett. No er det slik at tittelen på fronten er på bokmål, sjølv om sjølve saka er skriven på nynorsk. Det jobbar eg for å endre, seier Trine Misje.

Nynorsk avissenter har også fleire tidlegare praktikantar som jobbar i TV2. Malene Indrebø Langlo, Karen Anna Kleppe og Sindre Camilo Lode har alle faste jobbar i kanalen. Marita Haugsdal, som for tida er praktikant, skal ha praksisen sin der frå 1. mai, og har også fått sommarjobb.

BT

I BT vart vi møtt av politisk redaktør Eirin Eikefjord, og tidlegare praktikant på nynorsk avissenter, Ingrid Hjellbakk Kvamstø. Vi fekk ei runde rundt på huset, og eit innblikk i korleis BT jobbar.

– Hos oss har både nynorsk og bokmål ein naturleg plass. Sjølv er eg bokmålsbrukar, men eg er blitt meir og meir oppteken av nynorsk, seier Eirin Eikefjord.

Ho fortel at BT for nokre år sidan leitte etter debattjournalistar som skreiv nynorsk.

– No er det omvendt. Vi må snart til å kvotere inn bokmålsskrivande, seier Eikefjord.

For ei avis som dekkjer både bokmålsområde og store nynorskområde er det naturleg å ha begge delar. Journalistane vel sjølv målform uansett kva type sak dei skriv.

Ingrid Hjellbakk Kvamstø er frå Arna i Bergen, og etter utdanninga på Nynorsk avissenter beherskar ho både nynorsk og bokmål.

– Det varierer litt kva eg skriv. Når eg skriv saker saman med andre blir det ofte bokmål, sidan bokmålsfolk ikkje beherskar nynorsk så godt. Men eg likar godt å skrive nynorsk, seier Kvamstø.

NRK

Måndag kveld var vi med på innspelinga av Vestlandsrevyen, ei artig oppleving og spennande å følge med på. Programleiar  Raymond Lidal, som til dagleg jobbar i Førde, tok seg tid til å både forklare og spøke litt i pauser i under direktesendinga.

Etter at tilsette og praktikantar på Nynorsk mediesenter hadde vore med på morgonmøte hos NRK Vestland, fekk vi i avissenteret også komme inn til NRK – der vi fekk både omvising, møte med Sindre Vik Helgheim, Kristin Ytre-Arne og Thomas Hellum, innblikk i spennande planar og arbeidsmetodar i NRK, og nokre hemmelegheiter om kommande program på kjøpet.