Close

Tre praktikantar på Firda-desken

Anne Lotte Ognedal, Jonas Yang Tislevoll, David Antonsen og Frida Rystad Aune.
Desken i Firda består av tre praktikantar og ein frontsjef denne dagen: Anne Lotte Ognedal, Jonas Yang Tislevoll, Dagvid Antonsen og Frida Rystad Aune.

Del innlegg

– Utfordrande, kjekt og spennande, seier praktikantane frå Nynorsk avissenter.

Anne Lotte Ognedal, Jonas Yang Tislevoll og Frida Rystad Aune held onsdag kontroll på det som skjer i Firda sitt dekningsområde, saman med frontsjef David Antonsen.

Dei er henta inn til deskjobbing, og opplever det som utfordrande, men kjekt.

– Det er ein flott variasjon. Her skjer det noko, vi er der det skjer, og vi både får og tek meir ansvar, seier dei.

Frontsjefen er godt nøgd.

– Det er veldig fint. Dei er flinke, seier Antonsen.