Fredag 10. mars hadde Journalistlaget i Sogn og Fjordane prisfest. For første gong var ei sak laga av praktikantar på Nynorsk avissenter med i kampen om prisane.
Ingeliv Aadland, Amalie Røstbø og Vilde Ferah Molven frå kull 19 fekk heiderleg omtale for saka Guddal-mysteriet som vart publisert i Firda i nyttårshelga.
Saka er eit graveprosjekt dei tre praktikantane gjennomførte etter ei førelesing med Kristine Holmelid frå Sujo. Saka er publisert i tre delar:
Å grave eller ikkje grave – det er spørsmålet
Guddal-mysteriet var nominert i Open klasse. Og heiderleg omtale er ein andreplass. Førsteplassen var det Firda som vann med prosjektet Huset som aldri søv.
Juryen skrytte av ide, gjennomføring, omfang, vinkling og presentasjon. Og ikkje mist av eit klart og godt språk i Guddal-mysteriet. I tillegg til eit samarbeid mellom dei tre praktikantane i kull 19, var det Eirin Eriksen Horvei frå kull 18 som hadde laga illustrasjonane. Slik sett var dette eit samarbeid som også gjekk på tvers av kulla.
Vilde Ferah Molven og Ingeliv Aadland var til stades på prisfesten, og fekk blomster frå juryen. Amalie Røstbø, som også var med på prosjektet, hadde helgevakt i Sunnhordland, og kunne ikkje komme til Sandane denne helga.
Vilde og Ingeliv seier dei begge var litt uførebudde på takketale. Men dei fortalde om eit arbeid som var både utfordrande, kjekt og lærerikt å jobbe med. Og at dei sjølvsagt var veldig glad for omtalen, og for ar arbeidet dei har gjort er blitt lagt merke til.
Dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Ingunn Osland, seier ho er stolt over det praktikantane fekk til.
– Amalie, Ingeliv og Vilde jobba veldig godt med denne saka, mykje meir enn ein kan forlange, eigentleg. Dei brukte mykje fritid, og oppsøkte kjelder både i Guddal og Bergen ved fleire høve. I tillegg hadde dei stålkontroll på materialet, på dokumentasjon og ulike intervju. Spør du meg er det både veldig kjekt og veltfortent at prosjektet er lagt merke til og får heider, seier Osland.