Close

Alle fem held fram som journalistar

Del innlegg

Kristoffer Solberg Refsnes, Amalie Røstbø, Knut Marius Moen Tjørstad, Ingeliv Aadland og Vilde Ferah Molven har fullført utdanninga. Alle har fått jobb!

28. februar var dei ferdige i Nynorsk avissenter.

Frå Førde reiste dei allereie før jul, og dei siste to månadane har dei vore i praksis i ulike aviser rundt om i landet. Frå 1. mars var dei klare for nye oppdrag.

Og oppdrag har dei fått.

Knut Marius Moen Tjørstad har hatt praksis i Sunnmørsposten. Etter praksisperioden har han fått jobb som tilkallingsvikar i avisa fram til sommaren.  Då skal han ha sommarjobb i same avis.

Vilde Ferah Molven skal ta praksisen sin i mai og juni. Årsaka er at ho har fått praksisplass i Svalbardposten, og dei hadde ikkje moglegheit til å ta mot praktikantar før. Ho blir ein av dei første som skriv nynorsk i Svalbardposten. Vilde held fram i sommarjobb etter praksisperioden.

Kristoffer Solberg Refsnes har hatt praksisen sin i Nationen. Han har no fått eit 7 månader langt vikariat i Sogn Avis, og startar der 1. april.

Ingeliv Aadland har hatt praksis i Nynorsk pressekontor. Ho har fått jobb som tilkallingsvikar i Sogn Avis fram til sommaren. Ho har også fått sommarjobb i same avis.

Amalie Røstbø har hatt praksis i avisa Sunnhordland. Ho kjem til å halde fram i eit mindre vikariat i avisa denne våren, medan ho fullfører eit universitetsfag. Til sommaren blir det full rulle med journalistikk igjen, i første omgang med sommarjobb.