Close

Nytt år, nye praktikantar

KULL 20: Frida Rystad Aune, Marita Haugsdal, Jonas Yang Tislevoll, Anne Lotte Ognedal og Eline Krøvel. Foto: Ingunn Osland

Del innlegg

Tysdag hadde Frida Rystad Aune, Marita Haugsdal, Jonas Yang Tislevoll, Anne Lotte Ognedal og Eline Krøvel sin første arbeidsdag i Nynorsk avissenter i Førde.

– Dei kom i går, i dag er dei begynt på skrivinga. Det går fort, og det er spennande, seier dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Ingunn Osland.

Dei fem nye praktikantane har hatt ein tur rundt i Firda-redaksjonen for å møte sine nye kollegaer. Allereie første dagen gjekk turen også til NRK Mediesenter, der det var felles inspirasjonskurs for til saman ti nye praktikantar. Terje Gilleshammer (NRK) guida dei rundt om i moglegheiter, utfordringar, historie, framtidsutsikter, gleder og konfliktar i Sogn og Fjordane. Ei inspirerande reise.

– Etter berre ein dag føler vi som jobbar her at vi er begynt å bli kjende med dei nye praktikantane. No gler vi oss til å hjelpe dei fram til å bli gode journalistar. Det skal vi bruke dei neste fire månadene på, seier Osland.

Første veka er det eit tettpakka program, som inneheld mange kurs, men også sosiale aktivitetar.

Om eit par veker vil også Firda sine lesarar oppdage dei nye skribentane i spaltene.

Fram til 1. mai vil Frida, Marita, Jonas, Anne Lotte og Eline vere i Førde, og alt dei produserer vil bli publisert i Firda. I mai og juni vil dei vere i praksis i ei sjølvvald nynorskskrivande avis.