Close

Kull 19 er klare for praksis

Ingeliv Aadland, Vilde Ferah Molven, Kristoffer Solberg Refsnes, Amalie Røstbø og Knut Marius Moen Tjørstad.

Del innlegg

Juleferien er snart over, og då blir kull 19 spreidd rundt om i landet i ein to månader lang praksisperiode.

Ingeliv set kursen mot Oslo, der ho skal ha praksisen sin hos Nynorsk pressekontor.

Vilde har fått praksis i Svalbardposten, der ho blir av dei aller første nynorskskrivande. Vilde skal først fullføre eit forfattarstudium, og startar praksisen sin 1. mai, i Longyearbyen på Svalbard.

Kristoffer blir også bygut dei kommande to månadane. Han skal til Nationen, ei avis han føler passar han godt i tema og interesser.

Amalie set kursen heimover, og skal dei kommande to månadane jobbe i avisa Sunnhordland. Der kjem ho også til å halde fram med helgejobbing utover våren, samtidig som ho fullfører ei bachelorgrad. Til sommaren blir det sommarjobb i same avis.

Nordmøringen Knut skal gjere sunnmøring av seg dei kommande to månadene. Han skal ha praksis i Sunnmørsposten. Med mykje familie i Ålesund er ikkje sunnmørshovudstaden heilt ukjent for han frå før heller.

Her frå Førde får dei med seg eit stort lykke til!