Close

Spennande i Bergen

På TV-skjermen, i studio, møte med kjendisar. Fellesturen til Media City i Bergen var både lærerik og kjekk.

Del innlegg

Måndag og tysdag denne veka var Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter på felles tur til Media City i Bergen.

– Det er alltid kjekt å sjå korleis andre jobbar, og veldig kjekt å møte tidlegare nynorskpraktikantar som no jobbar i TV2, BT og NRK, seier dagleg leiar i avissenteret, Ingunn Osland, som aldri heilt har forstått heilt kvifor det må brukast engelsk namn på noko så norsk som dei mediebedriftene som held til i MCB.

TV2

Vi starta omvisinga på TV2, der Trine Svanholm Misje, som har vore praktikant på Nynorsk mediesenter for eit par år sidan, viste oss rundt.

Trine fortalde om det å bruke nynorsk i TV2.

– Eg får mest positive tilbakemeldingar. Alt eg skriv er på nynorsk, og det blir godt motteke i TV2. Rett nok blir det som kjem på TV2.no fronta på bokmål, sjølv om sjølve saka er skriven på nynorsk. Grunnen er truleg at dei som redigerer fronten ikkje kan nynorsk, men dette er noko eg jobbar for at skal ordne seg, seier Trine Misje.

Nynorsk avissenter har også fleire tidlegare praktikantar som jobbar i TV2. Malene Indrebø Langlo, Karen Anna Kleppe og Sindre Camilo Lode har alle faste jobbar i kanalen.

BT

I BT vart vi møtt av kulturredaktør Jens Khil, som er noko så sjeldan som ein oslomann som skriv og fremjar nynorsk. Vi fekk ei runde rundt på huset, og også eit innblikk i korleis BT jobbar med nynorsk.

-Vi har ikkje noko krav til kor mykje nynorsk vi skal ha. Men for ei avis som dekkjer både bokmålsområde og store nynorskområde er det naturleg å ha begge delar. Journalistane vel sjølv målform, og det er faktisk viktig at vi som skriv nynorsk brukar det uansett kva type sak vi skriv om, seier han.

Hanna Husabø var praktikant på Nynorsk avissenter våren 2021. Ho hadde praksis i BT, og har sidan jobba der.

– Eg er frå Bergen, og hadde aldri skrive nynorsk før eg begynte på avissenteret. Etter praksisperioden, der eg sjølvsagt berre skreiv nynorsk, har eg nok falle tilbake til å skrive bokmål innimellom. Men eg prøvar å skrive minst like mykje på nynorsk. Å bruke språket er heilt avgjerande for å halde det ved like, seier Hanna.

NRK

Måndag kveld var vi med på innspelinga av Vestlandsrevyen, ei artig oppleving og spennande å følge med på. Programleiar Øyvor Bakke er stø i jobben, og hadde tid til å både forklare og spøke litt dei to minuttane ho hadde mellom direktesendingane.

Etter at tilsette og praktikantar på Nynorsk mediesenter hadde vore med på morgonmøte hos NRK Vestland, fekk vi i avissenteret også komme inn til NRK – der vi fekk både omvising, møte med Linda Eide og Halvor Folgerø i Språksjov, innblikk i spennande planar og arbeidsmetodar i NRK, og nokre hemmelegheiter om kommande program på kjøpet.

Mykje spennande. Og noko for alle. Men kva kan vi så langt ikkje avsløre.