Close

Her er kull 20!

Velkommen til Marita Haugsdal, Eline Krøvel, Anne Lotte Ognedal, Jonas Tislevoll og Frida Rystad Aune.

Del innlegg

Marita Haugsdal, Eline Krøvel, Anne Lotte Ognedal, Jonas Tislevoll og Frida Rystad Aune er klare for Nynorsk avissenter. 

Tysdag 3. januar er dei på plass til første arbeidsdag i Førde. Så ventar fire intense månader med opplæring, fram til 1. mai. I mai og juni skal dei i journalistisk praksis i andre nynorskskrivande redaksjonar. Eit halvt år etter oppstarten, i juli 2023, er dei klare for jobbmarknaden.

Då søknadsfristen var ute, låg det 19 søknader klare. Det var godt kvalifiserte søkarar, og no har altså fem av dei fått plass hos oss. Det er flest vestlendingar, men ei oslojente er også med. Frida er ein av dei få frå Oslo som heilt frivillig skriv nynorsk. Det har ho også gjort i Trondheim, og gler seg no til å komme til nynorskland. Marita har tidlegare budd tre år i Førde, men har etter det gjort bergensar av seg før ho no returnerar til Sunnfjord. Jonas er frå Fitjar, men er busett i Oslo. Det siste året har han vore mykje i Sør-Korea, men no blir Vestland målet igjen. Eline har budd i Oslo dei siste åra, og vender no tilbake til vestlandet, sjølv om det blir litt sør for utagangspunktet i Volda. Anne Lotte har vore vestover til England nokre år før ho flytta til Oslo. No går vegen til Førde.

Marita Haugsdal (1993) frå Gulen

Marita vaks opp i ei lita bygd i Gulen, ytst i Sognefjorden. Førde er ikkje nokon ny stad for ho, for ho har allereie vore her i tre år då ho tok ein bachelor i sjukepleie.

Ho flytta deretter til Bergen for å jobbe i akuttmottak, så det å jobbe under press er ikkje ukjent for ho. Ho trivst som sjukepleiar, men har kjent på ein spirande journalist inni seg. – No tek eg ein ny bachelor, denne gongen i sosialantropologi, noko eg tenkte eg kunne vere nyttig for å mate den spirande journalisten. Derfor er eg veldig glad for at eg frå januar av får opplæring og erfaring i Nynorsk avissenter, seier Marita.

Ho gler seg til å komme tilbake til Sogn og Fjordane. For sjølv om fylket no heiter Vestland, så kjenner Marita på stoltheit og identitet til gamlefylket.

Eline Krøvel (1997) frå Volda

Eline kjem frå Volda, men har dei siste åra budd i Oslo, der ho har studert litteraturvitskap ved UiO. Til Oslo gjekk turen via eit år i Bergen, der ho tok psykologi ved UiB.

No legg ho vegen vestover igjen, og er klar for Nynorsk avissenter. Ho seier at Litteraturtidsskriftet Lasso, som ho har jobba for i studietida i Oslo, har vore med å vekke interessa for redaksjonsarbeid og skriving. – Eg har vakse opp i eit lite lokalsamfunn med sterk «bygdeånd» og språkidentitet. Dette har eg integrert i min eigen språkbruk så vel som i eige engasjement, seier Eline.

Ho legg til at nynorsk alltid har vore ein viktig identitetsmarkør for ho, særleg i «bokmålsbygda» Oslo.

Eline ser fram til å bryne seg på ting ho aldri har gjort før hos Nynorsk avissenter. – Eg trur eg kjem til å møte på både utfordringar og gode læringsmoglegheiter. Aller mest ser eg fram til å vere med å etablere nynorsk som mediespråk gjennom formidling av saker som kan komme samfunnet til nytte.

Anne Lotte Ognedal (2000) frå Bjerkreim

Anne Lotte kjem frå Bjerkreim kommune i Rogaland. Men vegen til Førde har gått via både inn- og utland. Først Sandnes, så Brighton i England, så Oslo – og i januar altså til Førde. – Til no har livet mitt bestått av eit tiår med teater, både praktisk og teoretisk, pluss ein bachelorgrad frå England innanfor humanistiske fag. Dette er fagfelt eg interesserer og engasjerer meg for akademisk, og også personleg. Likevel, ein gjennomgåande kjærleik for språk, spesielt nynorsk, og skrivekunsten gjer at eg ønskjer å bli journalist, seier Anne Lotte.

Sjølv om ho oppvaksen i ein nynorskkommune måtte ho forsvare valet sitt om nynorsk som hovudmål då ho tok til på vidaregåande i ein nabokommune. No ønskjer ho å formidle nyheiter til andre som føretrekker å lese nynorsk.

Anne Lotte skildrar seg sjølv som både kreativ og nysgjerrig, og ønskjer å ruke dei eigenskapane til å lære av dei beste, og bli ein god nynorskjournalist.

Jonas Tislevoll (1993) frå Fitjar/Daegu

Jonas er fødd i byen Daegu i Sør-Korea 7. september 1993. – Mi biologiske mor gav meg til adopsjon same dag, og fire månader gammal blei eg sendt til min nye familie i byda Fitjar i Vestland, fortel Jonas.

Dei siste åra har han halde til i Oslo, der han har studert fotografi, og samtidig jobba med historieforedling gjennom tekst og bilde. – Dette har også ført meg inn i det livsprosjektet som eg tidlegare i år sette i gang med. Eg har reist på tvers av Sør-Korea store delar av året, i håp om å finne mi biologiske mor og få svar på kva som skjedde hausten 1993, seier Jonas.

Han seier at han alltid har vore fascinert av evna til å formidle historier gjennom tekst og bilde, og no ønskjer å lære meir om dette.

Jonas er oppvaksen med nynorsk, men har nytta mykje bokmål dei siste åra. Det vil han no gjere noko med. – Eg ser på Nynorsk avissenter som ei fin moglegheit til å ta tilbake den nynorske identiteten min, og kunne bruke den i kvardagen, seier han.

Frida Rystad Aune (1995) frå Oslo

Frida blir ferdig med ein bachelor i statsvitskap ved NTNU i Trondheim til jul. Og rett over nyttår ventar praktikantjobb i Nynorsk avissenter. – Eg har ei glødande interesse for politikk og journalistikk. Eg har vore journalist i studentavisa Under Dusken i fleire år, og har fått prøve meg både på nyhende- og kulturjournalistikk, seier ho.

I tillegg har ho bakgrunn frå partiet Raudt, og har lenge vore med i klimarørsla. I dag jobbar ho som omvisar på Norsk Folkemuseum og Bymuseet i Oslo. No gler ho seg til å utvide horisontane, med ein seinvinter og vår på vestlandet.

Trass i at Frida er oppvaksen på vestkanten i Oslo, valde ho å bytte hovudmål frå bokmål til nynorsk då ho gjekk på vidaregåande. Ho seier at for henne verka nynorsk som det mest mangfaldige og demokratiske skriftspråket. Det gir moglegheit til å skrive enkelt og dialektnært. Språkinteressa er det med andre ord ikkje tvil om. – Heile livet har eg vore omringa av bokmål. Det blir forfriskande å ha nynorsk i sentrum for ein gongs skuld, seier Frida.