Close

Mykje arbeid – og mykje moro

Nokre bildeglimt av ulike ting dei fem praktikantane har vore med på dei vel tre vekene dei har jobba i Nynorsk avissenter.

Del innlegg

Det er vel tre veker sidan Knut, Ingeliv, Kristoffer, Vilde og Amalie starta opplæringa si på Nynorsk avissenter. Det er blitt over 10 publiserte saker i Firda, og mange opplevingar.

Kunstmuseet feira 10 år i Førde sentrum, og dei fem praktikantane bestemte seg for å skrive om det. Dei gjekk ut i Førde, snakka med 12 personar, og laga i tillegg ei spørjeundersøking på Firda.no. Det gav resultat. Nær 3000 lesarar svara på undersøkinga.

Andre helga i september var det teaterfestival i Fjaler. Dermed tok praktikantane med fotoapparat, blokk, telt og innsatsvilje, og reiste til Dale. Der produserte dei fem ulike saker for Firda i løpet av helga.

I tillegg er fleire saker publiserte, og nye henta inn og er under arbeid.

Og som om ikkje det er nok, har dei tre første vekene innehalde både sosiale hendingar, og mykje kursing.

Og innimellom, mellom kurs i fotografering, presseetikk, journalistikk, Lightroom og kjelder har det vore middagar, samlingar og turar.

Ein tur gjekk til Kjøsnesfjorden saman med NRK Mediesenteret. Øksekast og okseriding stod på programmet, saman med andre aktivitetar og litt mat. For vi er jo i Sunnfjord, og her skal vi jo «ete først».

Vi har også hatt ein dag i Askvoll, med ein kombinasjon av svelefrukost, rundtur og omvising, jobb og ferjetur. Og sjølvsagt mat.